Hopp til innhold

På ny leiarjakt

Fylkesvaraordføraren i Rogaland skal vera med å finna den nye Krf-leiaren.

Ellen Solheim

Ellen Solheim er medlem i valgkomitéen til Krf sentralt

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Ellen Solheim er varaordførar for Krf i Fylkestinget i Rogaland. Samstundes er ho også medlem i valkomitéen for Krf sentralt. Etter at Dagfinn Høybråten har varsla at han går av til våren, er det nå ein svært forsiktig Krf-topp i fylket som uttalar seg.

- Eg vil ikkje ha nokon meiningar verken om avgangen til Høybråten eller om kven som skal følgja etter han som ny leiar, seier ho i dag.

Ein av fleire

Solheim sit saman med 7-8 andre i valkomitéen. I løpet av oktober skal dei ha første møtet for å finna den nye leiaren.

- Det ser jo ut som me har fått noko meir hastverk nå med å få første møtet på plass, seier Solheim.

- Har Rogaland kandidatar som bør nemnast i samband med at ny leiarkabal skal på plass i partiet? Kristeleg folkeparti står trass alt sterkast på Sør-vestlandet.

- Det er mange gode politikarar i Krf i Rogaland, men i og med at eg er i valkomitéen kan eg ikkje ha meir konkrete meiningar, dessverre.