Hopp til innhold

Vurderer totalforbod mot fyrverkeri

Brannvesenet vurderer å innføra totalforbod mot fyrverkeri i Sør-Rogaland nyttårsaftan.

Rakett

Sterk vind kan føra til totalforbod mot fyrverkeri i Sør-Rogaland nyttårsaftan.

Foto: Thomassen, Christian / Scanpix

Bakgrunnen er at meteorologane varslar sterk vind på kysten av Rogaland den siste dagen i 2010.

– Det blir liten til stiv kuling frå nordvest rundt midnatt nyttårsaftan. Dette gjer det problematisk å senda opp rakettar, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli.

Sjekk korleis vêret blir på nyttårsaftan på yr.no.

Kan bli totalforbod

Branninspektør Arild Olsen

Arild Olsen, fyrverkeriansvarleg ved Brannvesenet i Sør-Rogaland.

Foto: Brannvesenet Sør-Rogaland

Den sterke vinden gjer at det er usikkert om ein kjem til å sjå fargesprakande rakettar på himmelen i kommunane Gjesdal, Klepp, Kvitsøy, Sola, Randaberg, Rennesøy, Sandnes, Stavanger og Time i morgon. Kommunar som alle er i ansvarsområdet til Brannvesenet i Sør-Rogaland.

– Me vurderer å innføra totalforbod mot fyrverkeri på grunn av den sterke vinden. Dersom det skjer er det første gongen på dei 36 åra eg har vore tilsett i brannvesenet, seier Arild Olsen, fyrverkeriansvarleg ved Brannvesenet i Sør-Rogaland.

Les også: Å fjerna styrepinnen har ført til langt færre personskadar

Avgjersel i dag eller i morgon

Klokka 9 i dag samla brannvesenet seg i Stavanger og Sandnes for å diskutera situasjonen. Avgjersla på om det blir fyrverkeriforbod blir tatt seinare i dag eller i morgon. Eit eventutelt forbod kjem til å gjelda både privat- og fellesfyrverkeri.

– Uansett kva me kjem fram til ber me folk ta vêret på alvor og vera forsiktige med fyrverkeriet, seier Olsen.

Les også: Stjerneskudd farligere enn du tror

– Høg terskel for totalforbod

I Haugesund har brannvesenet til nå ikkje vore inne på tanken å toltalforby fyrverkeri.

– Me har ein høg terskel for å innføra eit forbod. Dersom det hadde vore lite nedbør og tørt, hadde situasjonen vore annleis. Nå er det varsla nedbør. Då meiner me det ikkje er nødvendig å innføra ekstraordninære tiltak, seier Øystein Fonnes i førebyggande avdeling hos brannvesenet i Haugesund.