– Det er kjempeflott, seier ein tydeleg nøgd styreleiar i IL Brodd, Tore Tjemsland.
Idrettslaget fra Storhaug i Stavanger toppar lista over grasrotmottakarar i Rogaland, og fekk sjette mest i landet. Berre Vålerenga, Bodø-Glimt, Lillestrøm, Fokus Bordtennisklubb i Oslo og Sarpsborg 08 fotball fekk meir i Norge.
Tidlegare denne veka fekk idrettslaget utbetalt 696.109 kroner frå Norsk Tipping. (Sjå tabell i bunnen av artikkelen.)
– Veldig bra, seier Tjemsland.
Kjem godt til nytte
– Pengane kjem veldig godt til nytte når me skal kjøpe trenar utstyr, ballar og draktar til spelarane, fortel Tjemsland.
Han seier at pengane vil vera med på å gjere tilbodet deira enda betre.
– Både gutar og jenter, bredde fotball og senior fotball vil nytta godt av pengane. Og dei vil inngå i det totale tilbodet vi gir i idrettslaget.
Stor innsats
Brodd har jobba aktivt for å verva grasrotspelarar.
– Spelarane våre har gjort ein stor innsats for å få fleire grasrotgivarar, seier han.
Plakatar i butikkar, sms og epost, samt aktiv bruk av Facebook har vore med på å gje resultat. Det siste året har dei auka antal givarar med om lag 100, samalikna med 2009.