Hopp til innhold

Plutseleg byrja 100 personar å dansa midt i Stavanger sentrum

Det blir kalla «flash-mob-dance» og i går var det tilfeldig forbipasserande i Stavanger som fekk oppleva dette.

Mobflashdans

Mange blei overraska då ein heil folkehøgskule plutseleg byrja å dansa.

Foto: Solborg Folkehøgskole

Tenk deg at du står og ventar i eit lyskryss eller berre er ute og spaserer. Plutseleg byrjar folk rundt deg å dansa, og det viser seg at fleire og fleire av dei vanlege folka rundt deg også er med på denne nøye planlagde dansen.

Det er dette som blir kalla «Flash-mob-dance» og i går gjennomførde ungdommar dette stuntet i Stavanger med håp om at det ville bringa inn pengar til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon.

– Folk blei glade

Det var ungdommar frå KFUM, KFUK og Solborg Folkehøgskule som stod for dansinga som skulle skapa blest rundt fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp.

I tillegg filma studentane det heile og klippa det saman til ei sak der Kirkens Naudhjelp får fortelja om arbeidet deira.

– Tilfeldig forbipasserande blei glade og overraska når folk plutseleg byrja å dansa rundt dei, seier Endre Kvia som er lærar på film og media-linja linja på Solborg, som meiner at stuntet var vellukka.

Sjå innslaget laga av elevar ved Solborg Folkehøgskule:

Video Flashmob

Youtube-fenomen

På Youtube har fleire «Flash-mob-dance»-videoar fått mange hundre tusen klikk.

– Fleire som var i Stavanger sentrum hadde ikkje opplevd dette før, men dei hadde sett det på internett, seier Kvia.

Nedanfor kan du sjå kjende «Flash-mobdance»-videoar frå Youtube.