Hopp til innhold

– Tett opp til orkan

Stormen som har herja i Sør-Norge har ført til alt frå tragiske hendingar til nedblesne stillas. På det sterkaste har vinden hatt ein styrke på 31,9 meter i sekundet, nedre grense for orkan er 32,7. Sjå bilete og video her.

I ettermiddag har det vore full storm langs kysten frå Slåtterøy i Hordaland til Lindesnes sør i Vest-Agder. Den sterkaste vindstyrken blei målt på Eigerøy i Eigersund og var like under orkan styrke med 31,9 meter i sekundet.

– Det var i ettermiddag i to tida vinden var sterkast, nå løyver den og i morgon tidleg er det meldt laber bris, seier statsmeteorolog Ingmar Vikane til NRK.no.

Sperra Stavanger sentrum

Den sterke vinden gjorde at Stavanger sentrum blei delvis avsperra etter melding om takstein som hadde blåse frå Hotell Atlantic. Sperringa blei oppheva klokka 20.45.

– Me har ikkje fått inn melding om personar som har blitt skadde som følgje av flygande gjenstandar, men me har fått inn om lag 40 meldingar som går på materielle skader på grunn av uvêret, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt Henning Andersen.

Han fortel at ei kvinne på Madlamark fekk eit tre over seg, ho måtte skjærast laust, men utruleg nok blei ho ikkje blei skadd.

Video 37400f92-57fe-4e9a-b1e2-ac83d83229a6.jpg

VIDEO: Her ser du korleis stormen har verka som ein magnet på skodelystne folk.

Høge bølgjer

Langt meir alvorleg blei det i Eigersund då tre personar blei tatt av bølgjene frå land. To av personane kom seg ikkje opp att, og politiet har nå gidd opp å finna dei i live.

Dei store bølgjene gjer at mange skodelystne trekk heilt ned til sjøen for å sjå på naturkreftene. Noko politiet har fråråda på det sterkaste.

Også statsmeteorolog Ingmar Vikane åtvarar mot dette:

– Sjølv om du trur du er på trygg avstand kan det plutseleg koma støre bølgjer som slår mykje lenger opp, seier Vikane.

Han seier at det til dømes kan koma to slike bølgjer etter ein serie på femti mindre bølgjer:

– Det er berre slik bølgjene sin natur er. Ikkje alle veit dette, og derfor gjentek det seg dessverre at folk blir tatt av bølgjene, seier han.

Mange skademeldingar

På Husabøåkeren i Hundvåg i Stavanger blei eit stort stillas tatt av vinden, heller ikkje her skal det ha kome personar til skade.

I Skudeneshavn på Karmøy knakk den nytende julegrana som skulle pynta byen til jul.

– Dei fleste meldingane me har fått inn går på nedblåste tre, men også nedblåste straumleidningar og stillas som måtte sikrast. Det har også kome inn meldingar om fritidsbåtar på rek, opplyser Andersen i politiet.

Video Ferjekrasj

VIDEO: I Stavanger krasja passasjerferga Ullensvang inn i ein supplybåt då ho skulle leggja til kai. Oddbjørn Lund fekk fanga det heile på videoen.