Hopp til innhold

Nordtun-comeback i Stavanger Ap

Stortingsrepresentant og tidlegare ordførar i Stavanger, Tore Nordtun, er aktuell som ny styreleiar i Stavanger Arbeiderparti.

Tore Nordtun

Tore Nordtun er stortingsrepresentant for Ap frå Rogaland

Foto: Arild Eskeland / NRK

Det er Rogalands Avis som skriv dette på nett.

Til NRK stadfestar Tore Nordtun at han har sagt ja til å stilla opp.

– Dersom partiet ber meg om å stilla opp, og meiner at eg kan bidra, så skal eg gjera det, seier Nordtun til NRK.

Tøffe tider

Det har vore mykje uro i Stavanger Ap, etter at Cecilie Bjelland overtok som ordførarkandidat og gruppeleiar i bystyret. Bjelland, Kristine Gramstad og Arnt-Heikki Steinbakk har stilt sine styreplassar til disposisjon på grunn av mistillit til den sitjande partileiinga.

– Slik situasjonen er i Stavanger, snakkar ein del om at eg kan vere leiar-kandidat i partiet. Eg held meg til dei formelle organene. Dersom dei ber meg om å stille, er eg villig til å gjøre ein jobb som tillitsvald, seier Nordtun.

Rutinert politikar

Tore Nordtun er nå inne i sin femte periode på Stortinget, etter at han første gong kom inn i 1993. Før det var Nordtun ordførar i Stavanger. Nordtun har sagt nei til ny nominasjon for Rogaland Ap på Stortinget.

– Kjem det nå ein førespurnad frå Stavanger Ap, er eg villig til å vurdere det. Noko anna vil eg ikkje svare på, seier Nordtun.

Han vil ikkje kommentera om han er rett mann til å rydde opp i striden i partiet.