Meteorologisk institutt har fredag varsla storm på Kysten i Rogaland, Hordaland og Trøndelag.
Fredag føremiddag blei det registrert vind heilt opp i orkan styrke på Eigerøy i Eigersund. Vinden var på 34 meter i sekundet.
På Obrestad på Jæren var stormen oppe i 26 meter i sekundet same klokkeslett.
Vinden er så sterk at all helikoptertrafikk til og frå Nordsjøen frå Stavanger lufthamn Sola er kansellert. Helikoptertrafikken går ifølgje Heliport.no som normalt frå Flesland.
I Egersund har juletreet blitt sikra med 20 tonn sandsekker.
- Sjekk vêret på Yr.no
- Les og:
- Les òg:
- Har du bilete frå uvêret? Send dei til rogaland@nrk.no!
Ver på vakt
Det blir arbeidd med å sikra julemessa i Egersund. Nokre av buene har allereie blåse vekk, ifølgje lokalavisa Dalane Tidende.
Folk må vera på vakt for uvêret seier beredskapssjef i Eigersund kommune, Svein Oskar Vigestrand:
– Folk må sikra sine ting som er lause, slik at det ikkje bles vekk og gjer skade. Arrangørane av julebyen driv sjølv på å sikra både buene og juletreet nå, seier han.
Juleby-sjef Henrik Einar Seglem seier at vêrforholda er så dårlege at dei vurderte å stengja ned heile julemessa:
– Me vil at folk skal ha det trygt og godt i julebyen, seier han.
I halv to tida blei det avgjort at messa ikkje skal bli stengt trass uvêret.
Dei har lagt 20 tonn sandsekker og betongelement rundt stammen til juletreet for å unngå at det skal velta.
Skuleskip ligg vêrfast
Vinden, som også herja i går kveld, gjorde at skuleskipet Gann måtte søkje naudhamn i Flekkefjord, der ligg dei framleis vêrfaste:
– Me tar ingen sjansar, så me kjem nok ikkje til å reisa tilbake til Tømmerodden i Stavanger i dag, seier rektor Per Inge Veggeland.
Skipet hadde vore i Danmark og var på veg til Stavanger, men med bølgjer på 8 meter og utsikter om bølgjer på 12 meter, valde kapteinen å søkja naudhamn i Flekkefjord i Vest-Agder.
- Les òg:
– Det er ikkje meldt om skadar om bord, men i klasseromma har stolar flydd vegg i mellom, seier rektoren på skuleskipet.
Totalt ligg 120 elevar vêrfaste i sørlandsbyen skriv lokalavisa Agder.no.
NSB-tog gjekk ikkje mellom Ogna og Egersund
Klokka 09.50 byrja NSB sine tog på Jærbanen mellom Sandnes og Ogna å gå med redusert fart på grunn av uvêret.
– Dette vil føra til forseinka tog, men me veit framleis ikkje kor store forseinkingar det vil bli snakk om, seier informasjonssjef i Jernbaneverket Henning Lode
Seinare på dagen blei toga mellom Ogna og Egersund kansellerte. Det blei i staden sett opp buss i staden for tog på det same strekket, men ved 16-tida gjekk toga som normalt.
Nedbør og vind gjer også at Hunnedalsvegen mot Sirdal er stengt.
– Me reknar ikkje med at vegen vil bli opna i løpet av dagen, opplyser Vegtrafikksentralen Sør til NRK.no.
Ferjekaien på Mortavik er også stengd på grunn av vind. Fram til i morgon vil ferja gå frå Mekjarvik i staden.
I 11-tida melder også reiarselskapet Tide sjø om at alle avgangar til og frå Skudeneshavn i Karmøy er stengt inntil vidare.
Høg vasstand
På heile kysten frå svenskegrensa til Karmøy er det også venta at vasstanden blir 50–90 centimeter høgare enn normalt.
Ifølgje Meteorologisk institutt blir det verst i Oslofjorden, i Rogaland ventar Fylkesmannen at vasstanden vil vera mellom 50–60 centimeter over det normale.
– Kystkommunar bør vera førebudde på at sjøen kan bli høg, og dei bør sikra lågtliggjande gjenstandar, seier Reidar Johnsen som jobbar med beredskap hos Fylkesmannen i Rogaland.
Saka blir utvida ...