På grunn av vêret kunne ikkje Boknafjorden-ferjene køyra frå Mortavika på Rennesøy. I staden gjekk dei frå Mekjarvik i Randaberg utanfor Stavanger. Kjell Hasselkvist var ein av dei som måtte venta lenger enn vanleg. - Eg snur om eg ikkje kjem med den neste ferja, seier han.
Vinden blei for sterk for dette treet i ein park i Egersund sentrum.
Orkan i Eigersund fører til store bølgjer. Bilete er tatt på Hestnes.
20 tonn sandsekkar skal hindra at juletreet i Egersund ikkje skal gå over ende i orkanen.
I Kvassheim hamn skvulpar det godt fredag føremiddag.
Det er også varsla høg vasstand det komande døgnet.
Utanfor Obrestad hamn på Jæren kokar sjøen i stormen.
Det var storm også i går kveld. Skuleskipet Gann måtte søkja naudhamn i Flekkefjord då dei skulle gå frå Danmark til Stavanger.
Båten blei ikkje skadd i uvêret, men stolar flydde vegg i mellom.
Elevane som sit vêrfaste i Flekkefjord er ved godt mot.
Her ligg skuleskipet til hamn i Flekkefjord. Først i morgon satsar kapteinen på godt nok vêr til å segla til Stavanger.
I Mekjarvik i Randaberg utanfor Stavanger var det lange ferjekøar fredag. Ferja går til vanleg kvar halve time i sambandet. Denne dagen var reisetida lenger grunna vêret, og ferja gjekk annankvar time.
Per Espeland nytta høvet til å ta seg ein matbit medan han venta. - Eg ser ikkje ferja, ikkje eingong ferjekaia, så eg veit ikke kor lenge eg må venta, seier han.