Hopp til innhold

Nå stenger skular i Stavanger også

Mangel på reinhaldsarbeidarar gjer at Eiganes skule stenger dørene i morgon. Så lenge streiken held fram vurderer fleire skular i Stavanger det same.

Per Haarr

Per Haarr er direktør for oppvekst og levekår i Stavanger, han seier det er viktig at føresette har eit auge med nettsidene til skulane i kommunen for oppdatert informasjon.

Foto: Tore Linnerud / NRK

Streiken i den offentlege sektoren har så langt ikkje ført til stengde skular i Stavanger. Men frå og med i morgon er det slutt på dette.

– Nå ser me oss nøydde til å stenga skulen, med unntak av autistavdelinga. Årsaka til dette er at toaletta ikkje blir vaska, seier rektor på Eiganes skule, Anne-Bente Fosse.

Møte med rektorane

Dermed møter om lag 350 skuleelevar stengde dører i morgon, og så lenge streiken varer. Dette er også vurderingar som blir tatt av andre skular, seier direktør for oppvekst og levekår i Stavanger kommune, Per Haarr.

– Andre skular det kan bli aktuelt å stenga i nær framtid er Lunde og Gausel, seier Haarr.

Torsdag kveld opplyser kommunen på sine heimesider Lunde skole stengjer både undervisning og SFO frå måndag 4. juni, Madlamark det same, men smågruppene haldast opne, medan Austbø stengjer delvis frå tysdag 5. juni.

I dag var alle rektorane samla i møte med kommunen om situasjonen med manglande reinhald på skulane.

Tre barnehagar stengde fredag

Regelen er at dersom det går fem dagar utan reinhald på ein skule er det ikkje lenger forsvarleg å halda den open. For barnehagar er det tre dagar ein opererer med.

Det har ført til at Smiodden barnepark og St. Johannes barnehage no er stengt. Fredag stengjer Ytre Tasta barnehage, og måndag stengjer Bjergsted, Soria Moria og Vågedalen om streiken enno varar.

Tre barnehagar held ope som vanleg, medan dei andre stort sett tilbyr borna tilsyn mellom klokka 10 og klokka 14.

Les òg:

Nå har streiken heldt på i ei veke, og framleis har ein ikkje kome fram til semje. Likevel er ikkje alle skular og barnehagar like hardt ramma.

– Sjekk nettsidene

– Det finst skular der ein får vaska delar av bygga, og det finst skular som ikkje er ramma av reinhaldsstreiken i det heile. Derfor er det veldig viktig at føresette sjekkar på skulane sine nettsider for å få oppdatert informasjon om skulen sin.

– Kor gale er det, sidan skular blir stengde?

– Hygiene og reinhald på ein skule er viktig, og spesielt på toaletta. Går det for lang tid er det ikkje lenger helsemessig forsvarleg, seier Haarr.