Hopp til innhold

– Perfekte forhold for sykling

I dag syklar 12.500 mosjonistar og toppsyklistar frå Egersund til Sandnes.

Norges nest største sykkelritt er godt i gang. Klokka 07.30 gjekk startskotet for syklistane som er først ute på det ni mil lange blodslitet mellom Egersund og Sandnes.

Skya og litt regn

Vêret i startområdet i Egersund er ikkje av den verste sorten. I morgontimane blir det rapportert om regnvêr, lite vind og 13 grader.

Vêrmeldinga for dagen fortel at det kan by opp til bris frå søraust, og på kysten sør for Obrestad opp mot frisk bris. Det blir skya og noko regn av og til. Temperaturane vil halde seg mellom 13 og 15 grader.

Starten går som planlagt

Roy Veshovda i styret i Nordsjørittet fortel at starten av årets ritt har gått etter planane.

– Puljene startar på tida og alt ser fint ut. Det største problemet i dag er at startnummer har blese av syklar som har vore lasta på bilar, fortel Veshovda.

Deltakarane frå ungdomsklassen (som sykla tre mil frå Obrestad) er nå i mål i Sandnes. Det er òg fleire deltakarar som var i dei første puljene frå Egersund.

Førstemann i mål

Først i mål frå pulje 1 var Geir Dahlen. Han starta frå Egersund klokka 07.30 og var i mål i Sandnes i 10-tida.

– Det er perfekte forhold for sykling i dag. Overskya vêr og lite vind er bra for oss syklistar, seier han til NRK.no.

Fram til i ettermiddag går det slag i slag frå startområdet i Egersund. Klokka 15 er starttidspunktet for siste pulje ut, eliteklassen for menn.

12.500 deltakarar er påmelde til årets ritt.

Video Nordsjørittet 2012

Sjå video frå dei som var først ut i Nordsjørittet 2012. Foto: Øystein Ellingsen.