Hopp til innhold

Tidenes sommarlåt: «I hagjen sørføre huset» vant runde fire

NRK Rogaland sine lyttarar og nettbrukarar har talt. Dei meiner Torstein Obrestad og Tobias Skretting sin «I hagjen sørføre huset», er ei betre sommarlåt enn Bjørn Eidsvåg si «På svai».

Eidsvåg og Obrestad

4. RUNDE: NRK Rogaland sine lyttarar og nettbrukarar kårar tidenes sommarlåt i Rogaland. I fjerde runde var det Bjørn Eidsvåg (t.v.) og Torstein Obrestad (t.h.) saman med Tobias Skretting, som møttest til duell.

Foto: Scanpix/NRK

Fjerde runde i NRK Rogaland si kåring av den beste sommarsongen i Rogaland gjennom tidene er nå ferdig.

Gjennom ein cup kårar lyttarane og nettbrukarane til NRK Rogaland den beste sommarsongen med å stemma fram ein vinnar i kvar duell.

I fjerde runde var det Bjørn Eidsvåg med «På svai» og Torstein Obrestad og Tobias Skretting sin «I hagjen sørføre huset», som blei trekte ut til å duellera.

Gje stemma din her:

Avstemminga er avslutta

«I hagjen sørføre huset» fekk 80 prosent av stemmene

«På svai» fekk 20 prosent av stemmene

Få med deg vinnaren

I morgonlokalen si radiosending onsdag 11. juli blir to nye songar trekte ut til duell.

Vinnaren av desse blir kåra same dag i ettermiddagslokalen.

Så langt er desse sommarsongane vidare: