Hopp til innhold

«Stranddag» knuste «Adle verdens finaste ting»

Leif & Kompisane går vidare til neste runde av NRK Rogaland sin konkurranse om tidenes sommarlåt.

Ole Alexander Mæland og Leif & Kompisane

5. RUNDE: I dagens trekning blei det klart at Leif & Kompisane (t.v.) og Ole Alexander Mæland skal kniva i femte runde i kåringa av tidenes beste sommarsong frå Rogaland.

Foto: Kent Skibstad

NRK Rogaland skal kåra den beste sommarlåten gjennom tidene frå fylket, og det med hjelp frå publikum.

Så langt har fire artistar gått vidare i konkurransen, som er ordna som ein cup.

I denne runden samla «Stranddag» heile 72 prosent av stemmene frå NRK Rogaland sine lyttarar og nettbrukarar. Ole Alexander med «Adle verdens finaste ting» måtte nøye seg med dei resterande 27 prosentane.

Slått ut ein gong tidlegare

Leif & Kompisane har vore representerte med to songar i konkurransen; «Stranddag» og «Sommaren e her».

I runde nummer tre blei «Sommaren e her» slått ut av Løgnaslaget sin «Fine dag».

Dermed var dette siste sjanse for Leif & Kompisane å få med ein song vidare.