Hopp til innhold

Den døde var ein svensk fiskar

Den døde mannen som blei funnen i sjøen på Jæren i sommar var ein svensk fiskar frå Strømstad. Han blei meld sakna i Sverige for ein månad sidan.

Feistein fyr

Den 3. august blei eit lik funne flytande ved Feistein fyr i Klepp på Jæren.

Foto: Bjørn Grimen / NRK

I byrjinga av august i år blei det funne ein død mann i sjøen like ved Feistein fyr i Klepp på Jæren.

Sidan har Kripos i samarbeid med Interpol jobba med å identifisera den døde. Og nå er det klart at det er ein svensk fiskar frå Strømstad i Sverige som blei funnen.

– Han blei meld sakna for ein månad sidan, etter han skulle ut på fiske med ein trålar i Skagerrak, seier lensmann i Klepp, Hans Kyllingstad.

Det var tannjournalen frå fiskaren sin tannlækjar som gjorde Kripos heilt sikre på at det var den svenske fiskaren som var funnen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.