Hopp til innhold

Full gransking av offentleg pengebruk etter NRK-avsløringar

Det offentlege kontoret som jobbar for å få bybane til Stavanger skal nå granskast. Påverking av politikarar, medieovervaking og bistand til interne møter er noko av det kontoret har brukt pengar på.

Aktivitetsrapport fra Burson-Marstellers arbeid for bybanekontoret

Blant dei 700 oppdraga er kontakt med og research av politikarar, fleire av dei bybanemotstandarar frå Arbeiderpartiet. Dokumenta viser og at Burson-Marsteller har vore aktive på ulike datoar politikarar har publisert kronikkar i lokalpressa. Heile oversikta er på 17 sider, og kan lastast ned lenger nede i artikkelen.

Foto: Faksimile

Georg K. Gundersen

Georg K. Gundersen er prosjektdirektør ved bybanekontoret som nå skal bli granska.

Foto: Erik Waage / NRK

Politikarane, som sjølv har oppretta bybanekontoret i Stavanger, har dei siste dagane reagert kraftig på avsløringane til NRK, om kva kontoret faktisk har brukt pengar på.

I løpet av berre eitt år har nemleg kontoret brukt fem millionar kroner på PR-byrået Burson-Marsteller.

– Eg trur ikkje det er noen i det politiske systemet som kan forsvare dette, og det vil garantert få konsekvensar, var reaksjonen til leiaren for samferdselsutvalet i Rogaland, Ellen Solheim (KrF), då ho fekk kjennskap til pengebruken.

«Eg har ikkje noe i mot en viss diskresjon»

Betre blei det ikkje då det kom fram kva pengane konkret har gått til.

Det offentlege prosjektkontoret som blei oppretta for å innhenta informasjon om bybane på Nord-Jæren, har nemleg betalt for påverking av politikarar, medieovervaking og bistand til interne møter.

Ei av dei som opplevde dette var leiaren i Stavanger AUF, Caroline Marie Tønnessen. (Sjå video lenger nede i saka)

Berre timar før Stavanger Arbeidarparti skulle bestemma seg for bybane eller bussveg tidlegare i haust, fekk AUF-leiaren ein personleg e-post frå bybanekontoret.

Der ville prosjektleiaren gje ho fleire argument før avstemminga. I mailen stod det også:

«Eg har ikkje noe i mot en viss diskresjon i forhold til denne e-posten»

Dette fekk AUF Rogaland, Ole Martin Juul Slyngstadli, til å reagera. Han meiner politikarar bør forventa å bli forsøkt påverka, men:

– Det bør ikkje under nokon omstende vera frå dei som utreiar spørsmåla me skal ta stilling til, seier han.

Sjå video: Ho blei forsøkt påverka

Berre timar før Stavanger Arbeidarparti skulle bestemma seg for bybane eller bussveg, fekk AUF-leiaren ein personleg e-post frå bybanekontoret. Der ville prosjektleiaren gje ho fleire argument før avstemminga. Det har fått mange til å reagere.

VIDEO: Berre timar før Stavanger Arbeidarparti skulle bestemma seg for bybane eller bussveg tidlegare i haust, fekk AUF-leiaren ein personleg e-post frå bybanekontoret. Der ville prosjektleiaren gje ho fleire argument før avstemminga. (Arkiv, 5. desember)

– Propagandakontor

Politisk kommentator i Stavanger Aftenbladet, Tom Hetland, er ein av fleire samfunnsaktørar som har reagert på pengebruken til kontoret.

– Dette er oppsiktsvekkjande, og det er tydeleg at pengebruken har gått over stokk og stein. Dei har brukt pengar på ting som det ikkje er naturleg av eit utredningskontor å bruka pengar på, det ber meir preg av eit propagandakontor, seier han til NRK.no.

Han meiner at kontoret har ført ei nærmast aktivistisk linje i saka som handlar om kva kollektivmodell Nord-Jæren skal satsa på.

– Eg meiner styringsgruppa bør gå i seg sjølv og spør om kontrollen har vore god nok her, seier Hetland.

Han trur at bybanemotstandarane nå vil bruka dette til å svekka truverda rundt den informasjonen bybanekontoret har lagt fram om bybaneløysinga også.

Pengebruk ved bybanekontoret

JOBBAR FOR BYBANE: PR-byrået Burson-Marsteller har teke imot fem millionar offentlege kroner for å jobba for bybane i Stavangerregionen. Dette har fått motstandarane og tilhengjarane av bybane til å reagera.

Foto: Bybanekontoret/NRK

Nå kjem konsekvensane

Nå er det klart at det blir full gransking av pengebruken til bybanekontoret av Rogaland revisjon, noko fylkesordføraren og fylkesrådmannen har tatt initiativ til.

Granskinga vil omfatta både konsulentavtala med Burson-Marsteller, grunnlaget for opprettinga av bybanekontoret, styringa av kontoret og rapporteringa frå bybanekontoret.

Rogaland revisjon har utarbeida eit mandat for den vidare granskinga. Det er dette mandatet som skal diskuterast av kontroll- og kvalitetsutvalet i fylket i eit møte klokka 14 fredag.

Dette stadfestar leiar for utvalet, Fride Solbakken.

– Det vi skal gjøre på dette møtet er i første rekke å diskutere mandatet, seier Solbakken.

I innstillinga frå kontrolldirektør Mette Jensen Moen heiter det:

«Mandatet for undersøkelsen er todelt. Først en avgrenset undersøkelse med fokus på den mye omtalte konsulentavtalen for kommunikasjon og informasjon. Deretter leggjast det opp til en breiare gjennomgang med utgangspunkt i de formelle grunnlagene for opprettelsen av Bybanekontoret, styringen av kontoret og rapporteringa fra kontoret. Konsulentavtaler og regelverket for offentlige anskaffelser vil også tas med i den utvidede undersøkelsen.»

Vidare heiter det:

«Det er brukt relativt kort tid på å få utarbeidet et mandat for denne undersøkelsen. Mandatet åpner for at dersom det i løpet av undersøkelsen fremkommer andre vesentlige forhold som angår saken, vil disse bli inkludert i tråd med undersøkelsens intensjon og angitte problemstillinger. Det leggjast opp til at undersøkelsen gjennomføres etter metodikken som brukes for forvaltningsrevisjon. Den første delen av undersøkelsen ventes ferdig i begynnelsen av februar 2013, den andre delen vil ta noe mer tid.»

Tidlegare har bybanekontor-direktør, Georg K Gundersen, argumentert for pengebruken til NRK.no slik:

– I løpet av det siste året har kommunikasjon både eksternt og internt og i forhold til ei rekke ulike målgrupper vore svært viktig og av eit mykje større omfang enn det vi opphavleg hadde føresett. Arbeidet med dette har vore så omfattande at vi har måtta nytte eksterne ressursar i tillegg til vår eigen kommunikasjonsansvarlege. Dette er heilt i samsvar med måten vi har jobba med alle oppgåver. Som prosjektkontor er det avgrensa kva for ein kompetansen som kan dekkast inn med fast tilsette. For alt vårt arbeid har derfor innsatsen vore forsterka gjennom innkjøpte konsulenttenester.