Hopp til innhold

Åtte personar tekne av politiet i Karmøy for bruk av narkotika

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Til saman har politiet nå gjort 41 pågripingar på tre dagar i ein storstilt narkotika-aksjon i Nord-Rogaland og Hordaland. Dei utelukkar ikkje at det vil koma fleire.

Søndag tok politiet inn 33 personar i storstilt narkotikaaksjon. Måndag har dei følgt opp med 8 nye pågripingar.

– Me gjer dette for å uroa narkotikamiljøet, derfor oppsøker me adresser der me meiner at det blir omsatt narkotika, seier politiførstebetjent Anne-Therese Buer ved Karmøy lensmannkontor.

Ho vil ikkje utelukka enda fleire pågripingar enn dei som allereie har vore i denne aksjonen.

Vil få konsekvensar

Sjølv om alle har fått reisa heim att etter avhøyr, kan dei venta seg eit rettsleg oppgjer der politiet vil ha bøter eller fengsel for dei involverte.

– Me har hatt dei pågripne inne til avhøyr i dag, og me har teke frå dei ulovlege tabbelettar, opplyser Agnar Austerheim, opperasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordaland politidistrikt.

Narkotika

«Partydop» er slett ikkje uvanleg blandt ungdom kan politiet fortelja.

Foto: Eeg, Jon / Scanpix

– Skjønar ikkje teikninga

To av dei som var inne på måndag, blei også tekne inn i helgas aksjon.

– Folk er aktive, og somme skjønar ikkje teikninga i det heile teke. Dei vel å halda fram sjølv om dei nett har vore inne, seier politiførstebetjenten Buer.

Ho kan også fortelja at det er mindreårige mellom dei pågripne, noko som slett ikkje kjem som ei overrasking på ho.

– Narkotika er utbreitt, også i yngre miljø seier ho.