Hopp til innhold

Over hundre mål brant i Djupadalen

Brannvesenet har nå kontroll på brannen i turområdet Djupadalen i Haugesund. Mellom 100 og 200 mål er avsvidd.

Brannvesener kalla både ut sivilforsvaret og helikopter etter det byrja å brenna kraftig i 5–10 mål krattskog i Djupadalen i Haugesund torsdag føremiddagrmiddag.

Like før klokka fem kjem beskjeden om at brannvesenet har skogbrannen under kontroll.

– No har vi hatt helikopterinnsats her, som har sleppt mykje vatn ned, og nå har me rimeleg god kontroll, seier brannsjef i Haugesund, Bjarne Grimstvedt.

Ettersløkking og vakthald

Eit helikopter frå Oslo kom til brannstaden like før klokka tre for å hjelpe til med sløkkinga.

– Brannen er i utgangspunktet sløkt nå, men me kjem til å få helikopteret tilbake igjen for å helle litt meir vatn i utkanten av området. Vi kjem også til å ha vakthald og ettersløkking her i heile kveld og natt, seier Grimstvedt.

Brannsjefen er usikker på kor mykje av turområdet Djupedalen som er øydelagd.

– Det er ikkje lett å vurdere, men det er nok mellom 100 og 200 mål som er avsvidd, seier han.

Grimstvedt seier det er for tidleg å spekulera i årsaka til brannen.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Video Brann Djupadalen

VIDEO: Eit helikopter frå Oslo er i gang med sløkking i Djupadalen.

– Vanskeleg terreng å sløkka i

I tillegg til heilt Haugesund brannvesen vart også brannvesenet i Tysvær og Karmøy kalla ut. Dette er fjerde gong det brenn i dette turområdet på litt over to veker.

Brannen starta i sørenden av Krokavatnet.

– Dette er eit vanskeleg terreng å sløkka i, og det er ikkje særleg mange stiar i dette området. Det finst likevel nokre vegar me kan køyra inn på å venta på at brannen skal koma, sa 110-operatør Steinar Eilertsen til NRK klokka tolv i formiddag.

– Store styrkar frå både politi og brannvesen blei sende ut til brannen etter meldinga kom klokka 11.00, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Håkon Tornes.

Etter at dei kom fram til brannen slo politiet fast at det brann godt.

Politiet opplyser også om at det ikkje bur folk i området.

– Brannen er ute av kontroll, men der er langt frå bustadområde, så det er framleis ikkje aktuelt å evakuera nokon, sa Tornes i formiddag.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Video Brann i Djupadalen

VIDEO: Åse Aksdal og Rita Vegrim varsla brannvesenet om brannen i Djupadalen torsdag klokka 11.00.

– Ekkelt med så mange brannar

Det var turgåarane Åse Aksdal og Rita Vegrim som oppdaga røyk i Djupadalen i dag.

Dei ringde sporenstreks til brannvesenet, for dei kjenner til at det har vore fleire brannar i området i det siste.

– Det er kjempeekkelt at det har vore så mange brannar her den siste tida, seier dei to til NRK.no, som er på staden.

Dei fortalde at brannen hadde spreidd seg kraftig sidan dei varsla om den.

Les òg:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.