Hopp til innhold

To kvinner hadde med seg over 80 kilo khat i koffertane

To somaliske kvinner blei i går tatt med seks koffertar stappfulle av det narkotiske stoffet khat. Dei kom med fly frå London til Haugesund.

To somaliske kvinner med seks kofferter fulle av det narkotiske stoffet khat, blei i går stoppa av tollvesenet på Haugesund Lufthavn Karmøy. Politiet meiner stoffet skulle brukes i bryllup eller aen fest..

Tollvesenet ved Haugesund lufthamn Karmøy tok 81,3 kilo khat frå to afrikanske kvinner som kom med Ryanair-flyet frå London i går.

– Dette er det største khat-beslaget som er gjort så langt i år i Tollregion Vest, seier kontorsjef ved Haugesund Tollsted, Trygve Sjursen.

– Alvorleg lovbrot

Dei to afrikanske kvinnene, som i går ettermiddag blei tatt på Haugesund lufthamn Karmøy, hadde med seg til saman 81,3 kilo av det narkotiske stoffet khat.

Ho eine hadde 16, medan ho andre hadde om lag 65.

– Ifølgje Tollvesenet sine definisjonar er det å smugla over 20 kilo khat, sett på som eit alvorleg lovbrot, seier Sjursen.

Begge kvinnene blei tatt hand om av politiet, og khaten vil bli destruert.

Sjølv om khat i Norge er definert som eit narkotisk stoff, gjeld ikkje det same for England. Derfor kjem det mykje khat denne vegen.

Khat-beslag i Haugesund

Her er dei seks koffertane med til saman 80 kilo khat.

Foto: Haugesund Tollsted

Nyleg beslag i Bergen

Seinast for to veker sidan, blei tre ungararar tatt med 80 kilo khat i Bergen. Desse kom også frå London, med koffertane smekkfulle av det narkotiske stoffet.

80 kilo khat skal ha ein gateverdi på om lag 100.000 kroner.

Det er ikkje vanleg å gjera så store beslag på flyplassane på Vestlandet, men i 2010 blei ein bil stoppa på Svinesund med 318 kilo khat. Same år blei det totalt i Norge beslaglagt heile 10,7 tonn khat.