Hopp til innhold

Blir ekskludert frå pelsdyralslaget

Pelsdyrfarmen som oppbevarte levande mink i ein frysekonteinar i Hå i Rogaland blir eksludert frå Norges Pelsdyralslag.

Minkfarm

Minkfarmen Fellesdrift AS i Hå kommune blir ekskludert frå Norges Pelsdyralslag etter alvorlege funn av skadde og døde dyr tidlegare i august.

Foto: NRK

Det vedtok styret i pelsdyralslaget torsdag.

Bakgrunnen for eksklusjonen er alvorlege brot på føreskriftene om pelsdyrhald på minkfarmen Fellesdrift AS i Hå kommune i Rogaland.

Alvorlege funn

Skadet mink

Fellesdrift AS fekk haste-pålegg frå Mattilsynet etter funn av fleire sjuke og skadde dyr under eit tilsyn 12. august

Foto: Mattilsynet

Då Mattilsynet var på eit uanmeld tilsyn tidlegare denne månaden fann dei mellom anna to levande mink i ein frysekonteinar.

I tillegg blei det funne fleire skadde og sjuke dyr, fire av dei måtte avlivast.

– Dette er så alvorlege brot på regelverket at pelsdyrfarmen blir ekskludert. Drifta av garden har vore heilt uansvarleg, seier styreleiar i Norges Pelsdyralslag, Bertran Trane Skadsem til NRK.

Les også: – Graverende form for pelsdyrdrift

– Kan halda fram som før

Mattilsynet ga i går pålegg om at pelsdyrfarmen snarast må rydda opp i forholda og betra rutinane sine. Men trass i dei alvorlege funna, oppdrettarane får likevel halda fram drifta av farmen.

Ekskluderinga frå pelsdyralslaget betyr heller ikkje kroken på døra for minkfarmen i Hå.

– Oppdrettarane kan halda fram som før. Det er opp til Mattilsynet å avgjera om garden må avvikla drifta, seier Trane Skadsem.

Skadet mink

Fellesdrift AS kan halda fram drifta av minkfarmen, trass i dei alvorlege funna.

Foto: Mattilsynet

Styreleiaren understrekar likevel at dei nå ønskjer å få bort alle useriøse aktørar som driv med pelsdyroppdrett.

– Hadde ikkje noko val

Ordin Møller er medeigar i Fellesdrift AS, der dei alvorleg funna blei gjort. Han synst det er trist at selskapet har blitt eksludert frå Norges Pelsdyralslag.

– Funna som er gjort er uakseptable. Eg trur ikkje pelsdyralslaget hadde noko val i denne saka, seier han til NRK.

Møller veit ennå ikkje kva som blir den framtide skjebnen til pelsdyrfarmen. Inntil vidare held dei fram drifta ved farmen.

Han stiller seg også undrande til korleis dette kunne skje.

– Me har gjort alt me kan for å finna ut kva som har skjedd, utan å lukkast. Derfor har me bede politiet om hjelp.

Det er to tilsette ved Fellesdrift AS. Ifølge Møller er det ingen teikn på at nokon utanforståande har tatt seg inn på minkfarmen den siste tida.