Hopp til innhold

450 etiopiarar avviste i Høgsteretten

Høgsterett har avvist søksmålet frå om lag 450 etiopiarar busett i Norge. Dermed står dei i fare for å bli tvangsutsendt frå landet.

Saba Solomon og Tewelde Habtom Araya ser på sonen sykla

BUR PÅ MOTTAK: Saba Solomon og Tewelde Habtom Araya ser på sonen sykla utanfor leilegheita deira på Dale asylmottak. Dei ønskjer ikkje å reisa tilbake til Etiopia med sine to barn.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ifølgje advokat Kjell M. Brygfjeld har høgsteretten sitt ankeutval nå konkludert med at 450 individuelle søksmål frå etiopiarar i Norge mot staten blir avvist.

Dermed vil altså ikkje domstolen overprøva den omstridde returavtala Norge inngjekk med Etiopia 26. januar i år, ei returavtale som opnar for returnering med tvang.

Kallar inn til hastemøte

– Me skal nå ha eit møte med advokatane som har jobba med dette. Førebels kan eg ikkje kommentera saka, seier Kjell M. Brygfjeld til NRK.no.

Tidlegare har han likevel sagt at dei er villige til å ta saka vidare til den europeiske menneskerettsdomstolen.

Det er etiopiarar busett i Norge utan opphaldsløyve som står bak kvart enkelt søksmål. Det byrja med 340, men har blitt fleire etter kvart.

Allereie i april avviste regjeringsadvokaten søksmålet, sidan vilkåra for gruppesøksmål ikkje var oppfylte. Nå er søksmåla individuelle, men har fått ei felles behandling.

– Vald, tortur og trugslar

Girum Zeleke

Girum Zeleke meiner det ikkje er forsvarleg å senda etiopiarar tilbake til landet sitt med tvang.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Girum Zeleke, ved Universitetet i Stavanger er talsperson for dei saksøkjande, han skal også vera med på hastemøte i ettermiddag. Han meiner at Etiopiarar som blir sende tilbake med tvang har grunn til å frykta for liva sine.

Tidlegare har han sagt til NRK.no.

– Situasjonen for menneskerettar har blitt forverra i Etiopia. Regimet utøver vald, trugslar, tortur og drap på sitt eige folk. Dette førar til at folk kjem til Norge, folk som fryktar for sine eigne liv.

Men kritikken har ikkje berre kome frå etiopiarane sjølv. Norge er det einaste landet i Europa som har ein slik avtale med Etiopia, og FN har bede den norske regjeringa om å gjera greie for avtalen.

Tidlegare har statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Pål K. Lønseth, sagt dette til NRK.no om avtala.

– Avtalen omfattar både frivillig og tvungen retur av etiopiske borgarar, som ikkje har lovleg opphald i Norge. Avtalen inneber at borgarar av Etiopia kan returnera til heimlandet sitt på ein sikker og verdig måte. Også andre land har uttrykt ønske om ein slik avtale, men så langt ikkje fått det, svarar Lønseth.

Video 434effc9-7340-4486-bfc9-5721ffa208a3.jpg

►ARKIVVIDEO: Like etter returavtalen blei signert i år, demonstrerte fleire mot avtalen på Domkirkeplassen i Stavanger. To av dei var Huriya Sultan Iman Dano (17) og Abelone Melesse (16).