Hopp til innhold

Forlot hardt skadd medpassasjer

Politiet mistenkar promillekøyring.

Kræsja rett i steinrøys
Foto: Ronny Hjertås

Ein mann i byrjinga av 20- åra mista kontrollen over bilen og køyrde over i motsett køyreretning rett i ei steinrøys ved Gamleveien ved Lura bistro i Sandnes i sju tida i dag tidleg. Mannen forlot den kvinnelege medpassasjeren.

Kvinna på 17 år som sat på i bilen vart hardt skadd, og vart sendt til universitetssjukehuset i Stavanger.

Mistenkt for promillekøyring

Bilen kom frå nordgåande køyreretning då mannen kræsja bilen. Det fortel operasjonsleiar ved Rogaland politidistrikt Tormod Rostøl.

Mannen som er frå Sandnes er mistenkt for å ha forlatt kvinna hardt skadd, og for promillekøyring.

Tilstanden til kvinna er stabil, og kvinna er våken.

Erkjent forholdet

Politiet som fekk meldinga om ulykka i sju tida i dag tidleg, pågreip mannen nokre timar seinare i eit bolighus på Lura.

- Det var etterforskninga som førte politiet fram til pågripinga, og mannen har erkjent forholdet, seier Rostøl.