Hopp til innhold

Leiarane ved sjukeheimar i Stavanger får ikkje dispensasjonar

Levekårsjef i Stavanger Per Haarr meiner at liv og helse kan stå i fare på sjukeheimar og i heimesjukepleia, om ikkje leiarane får dispensasjon frå streikeopptrappinga. Det gjer dei ikkje.

streikevakt
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

I dag har Stavanger kommune søkt om dispensasjonar i samanheng med storstreiken som vil ramma landet i morgon.

Av 58 søknadar har Unio i Stavanger avslått heile 13. Det vil ikkje bli gitt dispensasjon til nokon av leiarar.

Per Haar meiner at det kan setje liv og helse i fare for brukarar . Kommunen har nå anka saka, og det er nå opp til Unio sentralt å vurdera saka.

– Eg kan ikkje gå lengre inn i saka enn dette, seier nestleiar for Unio sin streikekomité Vivi Jakobsson. Men ho legg til at nestleiarar har fått dispensasjon.

Unio sentralt må bestemme

– Fryktar de at denne konflikten kan ramma liv og helse?

– I morgon sluttar ikkje folk i jobbane sine over ein lav sko. Eg er meir uroleg for liv og helse om me ikkje får rekruttera nye helsearbeidarar. Og då er det viktig å få gjennom krava me stiller, seier Vivi Jakobsson.

– Men kommunen er urolege for det som kan skje i morgon.

– Me har lokalt vurdert dette som forsvarleg, og kommunen har anka. Då får me venta å sjå kva Unio sentralt seier.

Ho legg til at avslaga dei har gitt har vore i samtykke med medlemmane dei har ute på dei ulike verksemdene.

Sjå korleis streiken vil ramma skular og barnehagar i Stavanger i morgon.