Hopp til innhold

– Ulovleg og umoralsk av banken

Fetteren til Birgitte Tengs fekk ikkje behalda jobben han hadde fått då den nye arbeidsgivaren, Fokus Bank, blei klar over bakrunnen hans. Banken avviser at dei har gjort noko gale.

Bent Endresen

Bent Endresen er advokat for fetteren til Birgitte Tengs. Han meiner klienten bør få ei solid erstatning frå Fokus Bank.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

Fetteren til Birgitte Tengs blei frifrunnen for drapet på kusina si for meir enn 13 år sidan i Gulanting lagmansrett.

Etter studiar og jobb i utlandet søkte han på jobb i Norge, som assisterande kundeansvarleg for storkundar på Vestlandet for Fokus Bank. 10. desember i fjor fekk han vita at han var tilsett.

Les også: -Slutten på et femten år langt mareritt

Les også: Dagbladet frifunne i lagmannsretten

Men siviløkomomen fekk aldri jobben. I februar var han på veg til eit kundeseminar med banken i Norge. Flybilletten var bestilt og mannen såg for seg eit liv i Stavanger.

Men 11. februar fekk han beskjeden: Fokus Bank hevar arbeidskontraken.

Banken meiner den er ført bak lyset

Grunngjevinga var ganske enkel at dei var blitt klar over «at han var fetteren til Birgitte Tengs».

Banken ville ikkje ha ein som tidlegare var sikta for drap i sin stab. Banken følte seg ført bak lyset ved at den nytilsette ikkje nemnde den 16 år gamle drapssaka då han søkte på jobben.

(Artikkelen held fram under bilete)

Minnestein der Birgitte Tengs ble funnet drept

Fetteren til Birgitte Tengs blei i 1998 frikjent av Gulating Lagmannsrett for drapet på kusina.

Foto: ALF OVE HANSEN / Scanpix


Fetteren meiner dette er heilt urimeleg og har derfor saksøkt banken. Då saka tok til i Stavanger tingrett torsdag karakteriserte advokaten hans oppførselen til banken som "ynkeleg".

Les også: Fetterens far frifunnet for injurier

Les også: - Nå tas saken på alvor

– Detter er ulovleg og umoralsk av banken. Klienten min er frifunnen for drapet og burde derfor fått behalda jobben, sa advokat Bent Endresen.

Han hevdar det ikkje er grunnlag for å heva arbeidskontraken og meiner konsekvensane av banken si handling er at fetteren i praksis er ilagd yrkesforbod.

– Ei grov ærekrenking

Advokaten viser til at klienten hans har søkt 100 jobbar utan å fått arbeid.

– Dette er ei grov ærekrenking. Me krev derfor ei solid oppreising, ei oppreising som vil svi for banken, sa Endresen.

Les også: Fetteren anmelder dommere

Les også: Ny runde i Strasbourg

I tillegg krev han at klienten hans får tiltre i jobben han skulle fått, fram til den rettskraftige dommen er klar.

– Uforeinleg med stillinga

Fokus Bank avviser at dei har gjort noko ulovleg når dei valde å gå frå arbeidskontrakten til fetteren til Birgitte Tengs.

– Det at han har vore involvert i ei drapssak i Rogaland er uforeinleg med stillinga som kundeansvarleg i same fylke, sa advokaten til banken, Tarjei Thorkildsen.

Han påpeika også at sjølv om fetteren er frifunnen for drapet, blei han dømt til å betala 100.000 kroner i oppreising til foreldrene til Tengs.

– Eg vil ikkje ta stilling til skuldspørsmålet. Men det at han er dømt til ersatning er rettskraftig og viser at det blir for enkelt å seia at han er fullstendig frikjent, sjølv om han er frikjent for straff, sa advokaten.

– Mange kjenner identiteten hans

Thorkildsen argumenterer også med at når ingen til nå har tilsett fetteren, er det eit teikn på at mange kundar ville reagert om han var kundeansvarleg i Fokus Bank.

– Ein må hugse på at dette er ein av dei mest kjente drapssaker i moderne tid. Sjølv om fetteren er anonymisert, er det mange som kjenner identiteten hans lokalt.

Banken krev full frifinning for det dei er klaga for og at dei får erstatning for sakskostnadane.

Det er sett av to dagar til saka i Stavanger tingrett.