Hopp til innhold

- Har ikkje tillit til leiinga i partiet

Cecilie Bjelland, Kristine Gramstad og Arnt-Heikki Steinbakk trekker seg fra styret i Stavanger AP.

Kristine Gramstad

Kristine Gramstad har stilt sitt verv i styret i Stavanger AP til disposisjon.

Foto: Arbeiderpartiet.no

Verken Kristine Gramstad, Arnt-Heikki Steinbakk eller Cecilie Bjelland ønskjer å sitja i styret til Stavanger Ap med dagens partileiing - og stiller sine plassar i styret til disposisjon, det skriv Stavanger Aftenblad.

Striden i Stavanger Ap handlar om måten partiet blir styrt på, og hovudpartane i konflikta er leiiinga av bystyregruppa og leiinga av partiet lokalt.

Les også: Tok pengar frå Ap-kasse

Les også: – Han sa han kunne tenka seg å knusa kneskålene hennar

- Eg stiller min plass til disposisjon fordi Stavanger Ap er eit parti totalt utan styring, seier Gramstad til NRK.

– Forferdelg alvorleg

Ho seier forholda er massive og alvorlege på ei rekkje punkter.

- For min del er det forferdeleg alvorleg å uttrykkja mistillit til leiinga som sit, men eg ser ikkje lenger at eg har noko valg. Eg trur ikkje dagens leiing er i stand til å rydda opp på den måten Stavanger Arbeidarparti no treng.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

Cecilie Bjelland

Cecilie Bjelland stiller sin plass i styret til disposisjon.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Gramstad meiner at styret i Stavanger Arbeiderparti har holdt tilbake informasjon som ho skule hatt som styremedlem.

– Styret har gjentatte ganger fått henvendelser fra meg om organisasjon og økonomi og andre ting som ikkje er fulgt opp, seier Gramstad.

Les også: Bjelland-anmdeldelse henlagt

Les også: - Forbilledlig av Bjelland

- Enno ikkje sett økonomirapport

Ho meiner at partileiinga ein rekke ganger har gått ut over dei fullmaktane dei har og opptrådt på ein måte som skader partiet.

– Forholdene vi snakker om er massive og alvorlege og på ein masse punkter. Vi har enno ikkje sett ein økonomirapport frå 2011 og vi er no i desember, seier Gramstad.

Les også: Bjelland snakker ut om bråket

Les også: – Ap er ingen sundagsskule

Les også: Bjelland anmeldt for ærekrenkelse

Ho kritiserer og partileiinga for håndteringa av forskjellige medieutspel rundt konflikten i partiet.

– Summen av dette for meg var så alvorleg at eg valde å stille min plass i styret til disposisjon. Eg har ikke lenger tillitt til den sittande leiinga i Stavanger Arbeiderparti, seier Gramstad.