Hopp til innhold

– Det er skrekkeleg å vera her

Korridorane i Stavanger universitetssjukehus har i vinter vore fullt opp med senger. Både tilsette og pasientar fortvilar.

Video Versting på korridorpassientar

VIDEO: Ingrid Meling ligg for tida på gangen ved Stavanger universitetssjukehus, det er ho ikkje aleine om.

Brit Halvorsen

BEKLAGAR: Oversjukepleiar Brit Halvorsen beklagar at dei ikkje har rom å tilby alle pasientane som kjem til SUS.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Me har hatt influensa, norovirus og mange eldre som blir sjuke, og me registrerer at dei blir sjukare og sjukare, seier Brit Halvorsen som er oversjukepleiar ved Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Dermed blir det fullt. I vinter har sjukehuset hatt eit belegg på over 120 prosent og er dermed på verstinglista når det kjem til korridorpasientar.

Kjennest framandt

– I dag er det ikkje smellfullt, men måndag og tysdag var det ei kjempestor utfordring. Så det varierar frå dag til dag, seier Halvorsen.

Og for mange av gangpasientane er møte med sjukehuset både brutalt og veldig.

– At utgreiinga mi blir fortalt om kjennest litt framandt, seier Ingrid Meling som må ta til takke med ein korridorplass på SUS.

Undersøkingar går føre seg døgnet rundt for å få ned pasientkøane og mange pasientar blir sendt heim om natta sidan pasienthotellet også er fullt. Meling reiser heim om nettene for å få ro og kvile.

Les òg:

Vurderer kven som kan vera på gangen

– Dei som jobbar her er veldig greie, men det er jo skrekkeleg å vera her. Eg ønskjer ikkje å vera her, og eg tenker jo på dei som ikkje har eit anna val, seier ho.

Dei tilsette på dei medisinske avdelingane gjer så godt dei kan i den vanskelege situasjonen, og dei forstår frustrasjonen til pasientane som hamnar på gangen.

– Det er ikkje bra å vera sjuk og ligga på gangen. Det tar me på alvor, derfor vurderer me alltid kven det er som kan ligga på gangen, slik at dei dårlegaste kjem på rom, seier Brit Halvorsen.