Hopp til innhold

Tilstår knivdrap – men erkjenner ikkje straffskuld

Ein tsjetsjenar i byrjinga av 20-åra har tilstått knivdrapet på Dale asylmottak i februar. – Han erkjenner likevel ikkje straffskuld, seier advokat Kjersti Jæger.

Dale drap

15. februar i år blei ein 19 år gamal iranar knivstukken og drepen på Dale asylmottak i Sandnes.

Foto: Ronny Hjertås/Erik Waage/NRK

Kjersti Jæger

Advokat Kjersti Jæger seier at klienten hennar tilstår knivstikkinga men ikkje erkjenner straffskuld.

Foto: NRK

– Dette er eit stort framskritt i etterforskinga av Dale-drapet, seier politiadvokat Øyvind Haukland til NRK.no.

Det var i samanheng med eit slagsmål på asylmottaket i Sandnes at ein 19-åring frå Iran blei stukken med kniv, og seinare døde.

– Krevjande etterforsking

Politiet har i etterkant tatt, og sikta, fleire tsjetsjenarar i saka, nå melder dei at ein av desse har tilstått.

– Det var i avhøyr tysdag 8. mai at ein mann i byrjinga av 20-åra tilsto knivstikking på, seier Haukland.

Politiadvokaten legg til at etterforskinga har vore svært krevjande på grunn av språk- og kulturutfordringar.

– Erkjenner ikkje straffskuld

Kjærsti Jæger er advokat for tsjetsjenaren som har tilstått knivstikkinga.

– Han har vald å forklara seg om dei faktiske forhold og det som skjedde. I den samanheng har han erkjend at det var han som knivstakk personen som døydde, seier Jæger til NRK.no.

– Seier han noko om kvifor han gjorde dette?

– Eg vil ikkje gå inn på bakgrunnen for det som skjedde, men det som er viktig å få fram er at han ikkje erkjenner straffskuld.

– Vil det sei at han meiner å ha handla i sjølvforsvar?

– Av omsyn til etterforskinga vil eg ikkje på dette tidspunkt gå nærmare inn på dette, seier Jæger.

Ho legg til at ho håper på ei god og brei etterforsking frå politiet, som vil avdekka og kartleggja alt det som skjedde den 15. februar.

12 personar sikta

Utanom mannen som nå har tilstått er 11 personar sikta i saka.

– Me vil nå ta springande vurderingar på om siktinga vil bli heldt oppe. Det gjeld også dei fem personane som sit varetektsfengsla, seier politiadvokaten.

Politiet seier seg ikkje ferdige med etterforskinga etter tilståinga.

– Det står att ei rekke tekniske og taktiske etterforskingssteg, og dette er framleis ei sak som har høg prioritet for Rogaland politidistrikt.