Hopp til innhold

Denne messa sprenger all hotellkapasitet i Stavanger

Besøkjande på Oljemessa, ONS i Stavanger, bookar seg nå inn på hotell i Haugesund for å sikra seg overnatting. Det er venta meir enn 50.000 besøkjande til messa om snaue to veker, noko som sprenger hotellkapasiteten i oljebyen.

Stands på ONS

Oljemessa ONS i Stavanger veks seg stadig større, og i år er det venta over 50.000 besøkjande. Bilete er frå ONS-messa 2010.

Foto: MARTIN SKAU

Leif Johan Sevland

Tidlegare ordførar i Stavanger, Leif Johan Sevland, er nå leiar for ONS.

Foto: ONS

I tillegg til at ONS rår over 50 prosent av all hotellkapasitet under oljemessa har, dei også sikra seg 1000 private leilegheiter og hus, der dei kan husa gjester.

Det er bransjefolk frå oljeindustrien rundt om i heile verda som finn vegen til Stavanger medan messa går føre seg frå 28. til 31. august.

I år ventar dei publikumsrekord på 50.000, noko som skaper utfordringar når mange må ha ein plass å bu.

Brukar nattog som hotellrom

– Me genererer om lag 12.000 hotellovernattingar via vårt eige bookingsystem, den andre halvdelen blir booka direkte av hotella. Det er nærliggjande å tru at 99 prosent av desse er ONS-gjester, seier Jon Are Rørtveit, som er nestleiar i ONS.

Frå tidlegare, og mindre besøkte ONS-år, går det historier om forretningsfolk som har tatt nattog med sovelugar til Oslo. Morgonen etter har dei flydd tilbake til Stavanger med fly frå Gardermoen.

Med slike tilstandar har Rica Maritim hotell i nabobyen Haugesund, for første gong i år, sett opp direkte bussruter til og frå messeområdet i Stavanger.

Stavanger frå sjøen

Private hus og leilegheiter i til nærmast alle byens hotellrom blir tatt i bruk når alle ONS-gjestene skal ha tak over hovudet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Les òg:

Fire timar dagleg pendling

Ein busstur på om lag to timar kvar veg, men likevel ein god idé ifølgje ONS-leiar Leif Johan Sevland.

– Me har behov for eit kvart overnattingstilbod som er mogleg. Det er lenge sidan det var enkelt å finna overnatting i Stavanger ONS-veka, seier han.

Og gjestene har ikkje latt venta på seg.

– Pågangen har vore veldig stor. Både frå større og mindre firma som ønskjer å booka hotellrom hos oss, seier hotelldirektør på Rica Maritim, Johan Hjelmaas.

Sjølv om det ikkje er optimalt å pendla til og frå byen frå Haugesund, meiner nestleiar Jon Are Rørtveit også at det er eit bra tilbod.

Vil ikkje svartmala

– Desse gjestene vil sjølvsagt gå glipp av kveldsarrangementa, og den viktige sosiale delen av ONS, men når det er mangel på plassar er det bra at ein tenker kreativt, seier han.

Han meiner også det er viktig å ikkje svartmala situasjonen i Stavanger.

– Mange ordnar seg sjølv med private bustader. Dessutan plar det visa seg, når messa nærmar seg, at nokon har dobbeltbooka gjennom firma og privat, seier han.