Hopp til innhold

Cecilie Bjelland er sjukemeldt

Etter det har storma rundt Stavanger Arbeidarparti sjukemeldar nå gruppeleiar Cecilie Bjelland seg 80 prosent i fire veker. Ifølgje organisasjonssekretæren toppa det seg etter NRK-sine overvakingsavsløringar i dag.

Cecilie Bjelland

Gruppeleiar i Stavanger Ap, Cecilie Bjelland, er 80 prosent sjukemeldt i fire veker.

Foto: Odd Rune Kyllingstad/NRK

– Bybanesaka som NRK i dag kunne avsløra toppa presset som har vore på Cecilie Bjelland den siste tida, og nå er det ein naturleg reaksjon at ho treng ein time-out, seier Marianne Chesak, som er organisasjonssekretær i Stavanger Ap.

I tillegg til ein strid som har vore internt i partiet sidan etter valet i fjor kom i dag nyheita om at bybanekontoret i Stavanger har betalt PR-byrået Burson-Marsteller for å kartlegge aktiviteten til Arbeiderpartiet i Stavanger i bybanesaka.

– Langvarig og tungt arbeidspress

Nestleiar i dag, Arnt-Heikki Steinbakk, tar over som gruppeleiar medan Bjelland er vekke.

– Det er langvarig og tungt arbeidspress som gjer at ho finn det naudsynt å ta ein time-out, seier Steinbakk.

Han seier han ikkje vil spekulera i om det er press frå media som er årsaka til sjukemeldinga.

– Ei sjukemelding er i utgangspunktet ei privatsak. Samtidig er det ikkje til å leggja skjul på at hvis ein legg alt saman, ser ein at summen blir litt uuthaldeleg slik situasjonen er no, seier han.

«Krevende arbeidsoppgaver og et høyt arbeidstempo»

Aktivitetsrapportane frå Burson-Marstellers arbeid for bybanekontoret syner at ei av oppgåvene var mediesøk av Cecilie Bjelland.

– Eg har aldri vore utsett for noko liknande, sa Bjelland til NRK.

Ho har skrive ei pressemelding om sjukemeldinga si. Der står det mellom anna:

«I en lengre periode har jeg hatt krevende arbeidsoppgaver og et høyt arbeidstempo. I samråd med min lege er jeg i dag blitt 80 prosent sykemeldt for de kommende fire ukene.»

På Facebook kjem Bjelland med denne meldinga:

«I dag er jeg gått i en 80 % sykemelding. Rett og slett fordi jeg har behov for å puste ut litt og søke energi og arbeidsglede igjen etter lange økter. Takk til alle dere skjønne mennesker som ser og forstår dette. Omtanken varmer!»

Vinklar sakene på Cecilie som person

Mediekøyret rundt Bjelland har vore ein viktig faktor i dette, seier Chesak.

– Det er ikkje til å unngå å nemna at vinklinga i sakene som har vore oppe i media går på Cecilie som person, og ikkje på partiet, seier ho.

Ho legg til at dette ikkje er årsaka til sjukemeldinga, men det er ei ekstra belastning i ein elles krevjande arbeidssituasjon.

Sidan Bjelland er 80 prosent sjukemeld, vil det sei at ho framleis vil vera tilgjengeleg for partiet.