Hopp til innhold

Riksveg 13: – Framleis stor rasfare

Det er framleis stor rasfare på riksveg 13 mellom Røldal og Nesflaten i Suldal. Det betyr at det er svært usikkert når vegen kan opna igjen.

Video Fanget mellom to snøras

Statens vegvesen vurderer rasfaren til å vera stor på riksveg 13 mellom Nesflaten og Røldal. Fredag vurderer dei om vegen kan opna igjen.

– Det kan losna snø frå fleire område, derfor ønskjer me ikkje å opna vegen, seier geolog Julie Bjørlien i Statens vegvesen.

Ras rv 13

Vegen blei sperra etter raset på riskveg 13 onsdag kveld.

Foto: Arne Gunnar Olsen

Ho har sett på området, der to snøras sperra inne fem personar onsdag kveld. Dei fem måtte overnatta i bilane sine, og blei henta ut frå rasområdet i ettermiddag.

Først på fredag blir det vurdert om vegen kan opna igjen.

– Me veit ikkje kor lang tid dette vil ta, men sjekkar rasområdet med helikopter i morgon, seier byggeleiar Einar Stange i vegvesenet.

Krev sikringstiltak

Det er ikkje første gong det går ras i området. Det kan nabo Signe Henriette Lono stadfesta.

Geir Tomasgard

Geir Tomasgard.

Foto: Arne Gunnar Olsen

– Kva vinter er det noko som rasar langs Bratlandsdalen.

Ho krev derfor sikringstiltak langs den rasutsette riksvegen.

– Me har sagt frå mange gonger til vegvesenet at det hadde vore ein idé å bygga raslommar langs vegen, seier Lono.

Sov godt i bilen

Geir Tomasgard og sonen Jakob (8) var blant dei som måtte overnatte i bilen natt til torsdag.

– Det er ikkje spesielt gøy og bli sperra inne mellom to ras. Men me sov godt og har hatt det greitt, seier han.

Han rosar politiet og vegvesenet for god informasjon og oppdatering medan dei var innesperra.

Flere nyheter fra Rogaland