Hopp til innhold

Stal kalv og åt den på nachspiel

Kalvesteika fekk ein bitter bismak for tre fulle festdeltakarar i Jørpeland. Nå kjem reaksjonane frå politiet, etter dei stal og åt ein kalv på nachspiel.

1216

Tre menn har nå innrømma at dei tjuvslakta ein kalv i fylla på Jørpeland. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Nyhetsspiller / NRK

– Dette er fest og moro, som har utvikla seg på ein litt skeiv måte. Motivet bak handlingane er rett og slett berre tull og vas, seier lensmann i Strand og Forsand, Oddbjørn Næss.

Aldri før har han hatt ei liknande sak på skrivepulten sin, som den han nett har oppklart.

– Maten smakte ikkje

Kort fortalt var det tre ungdommar på ein fest på Jørpeland i Ryfylke, som fekk ein idé.

– I fyllerøra fann ungdommane ut at dei ville ha seg litt mat, då tenkte dei at det var smart å ta ein kalv som gjekk ute å beita, seier lensmannen.

Ein av dei tre hadde med seg eit våpen dei skaut kalven med. Dette gjorde at politiet fekk inn varsel om mogleg tjuvslakt.

Etter kalven var død, slakta dei den og laga til nachspielmaten.

– I etterkant har dei fortalt at maten ikkje smakte noko særleg godt heller, så det var på ingen måtar ein vellukka tur dei hadde over heia, seier Næss.

Fekk fatt i tjuvslaktarane

Hendinga fann tid for nokre helgar sidan, men etterforskinga av den sakna kalven har nå ført fram, skriv Strandbuen i dag.

Nå må dei tre festdeltakarane forventa bot og erstatning til bonden, i tillegg blir våpenet tatt frå han eine av dei. Ingen av dei har hatt problem med politiet før.

– Dei har alle erkjent forholdet, og må forventa ein smekk. Fylla har skulda, er det ikkje det ein seier, spør Næss.

– I di tid som lensmann, har du opplevd noko liknande?

– Me har hatt tjuvslakt på vilt, og det skjer mykje rart med fulle folk. Men dette var heilt spesielt, seier han.