21.05.2012

- Han må ikkje få prestasjonsangst

Erik Rafoss (Foto: Bjørn Grimen/NRK)

Viking-trenar Gunnar Blombäck gir råd til landslangsdebutant Erik Rafoss før det brakar laust i Tyskland i kveld.

Viking-midtbacken Erik Rafoss debuterer i kveld med det norske flaget på brystet.

Det skjer med omlag 15.000 publikummarar på tribunen i Köln i Tyskland. Med andre ord er rammene rundt kampen heilt annleis enn når han til vanleg spelar for eit par hundre skodelystne i Stavanger Idrettshall.

- Han må ikkje bry seg om omgjevnadane. Han må berre våga å gjera det han kan, seier Blombäck.

- Håpar han spelar alle kampane

Det norske herrelandslaget i handball møter Tyskland i firenasjonarsturneringa Super Cup i Köln i kveld.

Det er i skadefraveret til Vegard Samdahl og Børge Lund at Rafoss har blitt teken ut til A-landslaget.

- Eg er glad han fekk vere med og eg håpar han får spela alle dei fire kampane, seier den svenske Viking-trenaren.

- Svært glad

Ifølgje Blombäck kjem Rafoss til å starta kampen i kveld.

- Sist eg snakka med han var han svært positiv og glad. Eg håpar han gjer sine saker bra i kveld.

Kampen bli spelt i Lanxess Arena, den same hallen som Tyskland vann VM-finalen i 2007. Kampstart er klokka 20.30.

Siste: Sport

Siste: NRK Rogaland