Hopp til innhold

Jaktar på ulv dag og natt

Interessa for lisensjakt er så stor i Aust-Agder at det vert køyrd skiftordningar for å finne to ulvar det er lisensjakt på. No jaktar dei på ulven heile døgnet.

Ulv.

JAKT: Ei rekkje jegarar jaktar på to ulvar på Sørlandet.

Foto: Arkiv

– Interessa er enorm. Ikkje berre frå grunneigarar og husdyrhaldarar, men generelt, seier leiar av jeger- og fiskeforeininga i Froland, Øyvin Froland til NRK.no.

Det vert leita kontinuerleg over store område frå Åmli, gjennom Froland og til Herefoss.

Sporsnø

Til no er det ikkje så mykje som eit poteavtrykk å finne.

– Ulven kan ha teke seg ei lengre runde. No er det rett før paringstid, seier han.

Sidan i fjor sommar og utover hausten er langt over 70 sau og lam drepne eller skada av ulv på Sørlandet.

Sidan 1. oktober har jegerane forsøkt å ta dei to ulvane som skal befinne seg på Agder. 31. mars er lisensjakta over, og Øyvin Froland føler det byrjar å haste.

– Det er klart at vi er avhengig av gode sporingsforhold. Vi må nytte den tida vi har no når det er sporingsforhold til å ringe han inne, seier han.

Lenge sidan observasjon

Det har heller ikkje komme inn meldingar om skada dyr sidan jul. Samstundes er det lenge sidan nokon har sett spor etter ulven.

Jaktleiaren seier det kan tyde på at ulvane ikkje er i Agder lenger.

– Eller det kan hende vi leitar i feil område. Dette er ei ordinær jakt på linje med anna jakt. Vi er like ihuga om vi jaktar på noko anna. Denne jakta er ikkje noko spesiell, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %