Hopp til innhold

Avslutta søk etter snøras

Det vart slått full alarm etter melding om eit snøras ved Breive på Hovden. Etter to timar med søk vart det slått fast at ingen personar var tekne av raset.

– Raset er no ferdig gjennomsøkt av leitemannskap og lavinehundar. Det er ingenting som tyder på at nokon har blitt tekne av raset, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Vidar Neset til NRK.no.

Meldinga om snøraset kom ved 12-tida laurdag. Ved 13.20-tida kom det også to helikopter til staden.

Rundt 30 personar var med i søket.

Utanfor løypa

Raset gjekk utanfor preparerte løyper like ved Hovden skisenter. Det var mellom 60 og 70 meter breitt og hadde ei høgde på opp mot 150 meter.

Dei første meldingane gjekk ut på at det kunne vere folk i raset. Difor vart det sett i gang omfattande søk.

– Vi må vere hundre prosent sikre på at det ikkje er folk inne i raset. Difor har vi sett i gang søk i raset. Sidan det er utanfor preparerte løyper er det litt krunglete å ta seg fram, sa dagleg leiar ved skisenteret Sture Christian Pilegård til NRK.no kort tid etter at raset var varsla.

– Vi overvakar situasjonen og har folk borte ved raset, sa han.

– Så langt er ingen meldt sakna, men vi har sett i gang søk i rasområdet, opplyste brannvesenet til NRK.no.

Omfattande søk

Både politi, brannvesen, fjellredningsgruppe og tre lavinehundar deltok i søket.

Dei første meldingane gjekk ut på at raset hadde gått ved eit skisenter i Valle. Dette vart kort tid seinare trukke tilbake av brannvesenet.

Tilfeldigheitene gjorde at Røde Kors var raskt på plass på staden. Dei har kurs på Hovden denne helga og gjekk inn i rasområdet på kort varsel.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %