Hopp til innhold

– Snøskredfaren er betydeleg

Snøskredvarslinga ber folk vere forsiktige i fjellet. Rasfaren er størst på Vestlandet.

Snøras på Hovden

Det vart sett i gang eit omfattande søk etter eit snøras ved Hovden i Aust-Agder laurdag. No åtvarar skredvarslinga i landet mot stor rasfare.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK

– Situasjonen gjer at vi vurderer det å vere stor skredfare i Sogn og den er betydeleg mange stader på Vestlandet, seier skredvarslar Birgit Rustad til NRK.no.

I Sogn blir faregraden vurdert til 4 på skalaen. Det betyr at du må halde deg unna alt skredterreng og rasfaren er særs stor. Oppdatert skredfarsling finn du her.

Fleire stader på Vestlandet vert rasfaren beskrive som betydeleg. Det er og venta at rasfaren vil auke fleire stader i Nord-Norge i løpet av dagen.

– Det er god grunn til å ferdast forsiktig i skredutsett terreng, seier ho.

Sette i gang søk etter ras

Ved 12-tida laurdag vart det sett i gang omfattande søk etter eit snøras ved Breive på Hovden i Aust-Agder. Det er framleis uklart om det er personar i raset.

Trass i at rasfaren er størst på Vestlandet, åtvarar skredvarslaren folk om å vere på vakt også andre stader i landet.

– Du skal alltid vere på vakt når du ferdast i rasutsett terreng. Du må ta til deg dei fareteikna naturen gir deg i form av drønn, sprekker og ferske skred, seier ho.

Også tidlegare denne veka var skredfaren stor i Voss- og Røldal-området.

– Årsaka er at det kom eit kraftig snøvêr inn frå sør-vest, seier ho.

Observerer kontinuerleg

Det er mykje som tyder på at skredfaren vil vere stor enkelte stader også i dagane framover.

– Vi oppdaterer varsla våre ved å sjå på data frå vêrstasjonar og vi får data direkte frå meteorologen. Vi har også observatørar ute i felten som rapporterer om skredfaresituasjonen, seier ho.

– Ser vi at det vert ei auke i skredfaren vil vi ta omsyn til det, seier ho.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %