Hopp til innhold

UP-sjef: – Kjem til å skrive ut fleire hundre forenkla førelegg

UP-sjefen på Agder understrekar at det vil vere synleg politi mange stader på Sørlandet gjennom påska.

Kontroll på Fevang

UP vil vere synlege på Sørlandet i påska.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Ein av dei store utfartsdagane er onsdag.

– Folk har for mykje pengar. Dei 4000, 5000 eller 6000 kronene det kostar å køyre litt for fort, betyr visst ingenting. Kanskje vi bør auke bøtenivået endå meir, seier UP-sjef Øystein Krogstad til NRK.

Krogstad avslører at UP vil vere langs riksveg 9, E39, E18, fylkesveg 42 og fylkesveg 43 gjennom påska. Det vil vere betydeleg med politifolk på vegane.

– Vi legg eit trykk i påska og brukar mellom 200 000 og 300 000 kroner. Så det er mange bilar og hovud som skal ut, seier han.

– Vi vil helst sleppe bøter og førarkortbeslag, men det er det som må til, seier Krogstad.

I påska i fjor var det ingen alvorlege ulykker på Sørlandet. Det håpar han vi unngår også i år.

– Det er det som er målet. Så skriv vi ut fleire hundre forenkla førelegg og beslaglegg 10–20 førarkort. Det likar eg ikkje, men det ser ut til at det er medisinen for at folk skal køyre sånn tåleleg greitt, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 01 1,06 kr
Dyrest kl. 07 1,25 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %