Hopp til innhold

Barneavdeling får lege på natta

Barneavdelinga ved sjukehuset i Arendal får no lege også på kveld- og nattetid.

Barneavdelingen Sørlandet sykehus Arendal

Det vil vere lege på barneavdelinga i Arendal også på nattetid fram til midten av juni.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

Til no har legane vore i beredskap heime. Den nye ordninga er mellombels og vil vare fram til kring 20. juni.

– Årsaka til dette er at det har vore mykje utrykking i den passive heimetida, som vi kallar det, seier avdelingsleiar for barnesenteret ved Sørlandet sykehus, Kåre Danielsen til NRK.

Ventar på permanent løysing

– Eg må presisere at dette er ei mellombels ordning, medan vi jobbar med eit forslag til permanent løysing, seier Danielsen.

Ei arbeidsgruppe jobbar no altså for å finne ei permanent ordning. Eitt av forslaga går på å overføre fleire akuttilfelle på kveld- og nattetid til Kristiansand.

Dette forslaget har vekt sterke reaksjonar blant politikarar i Aust-Agder. 18. februar gjekk fleire politikarar saman og sende eit bekymringsbrev til styret i Sørlandet sykehus.

Stiftelsen Sørlandet sykehus Arendal i våre hjerter har allereie varsla eit fakkeltog i sentrum av Arendal, dersom overføring til Kristiansand blir ein realitet.

– Ikkje avgjort

Kåre Danielsen ved barneavdelinga påpeikar at arbeidsgruppa vil komme med sin konklusjon i midten av juni.

– Denne ordninga er mellombels fram til vi har eit permanent vedtak. Vi veit enno ikkje i kva retning dette vedtaket vil gå. Det kan gå i fleire retningar. Her er det veldig mange synspunkt. Dette er enno ikkje avgjort, seier Danielsen.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %