Hopp til innhold

Aktor ber om fem års fengsel

Tidlegare sportssjef tiltalt for overgrep mot fleire unge gutar.

Våg ankesak

ANKESAK: Aktor ber om fem års fengsel i ankesaka mot den tidlegare sportssjefen i IK Våg.

Foto: Anne Torhild Nilsen/NRK

– Han var, som gutane seier, det store idolet og den store helten. Han var ein mann dei hadde stor tiltru til. Barna hadde eit betydeleg tillitsforhold til han, som han har utnytta, seier aktor Ingrid Thorsen til NRK Sørlandet.

Sjukdom hos eit medlem i lagmannsretten gjorde at sluttprosedyrene i ankesaka mot den overgrepstiltalte sportssjefen i Våg vart utsett , men kom i gang att i dag.

Skal ha misbrukt 27 gutar

– Påtalemyndigheitene sin påstand i denne saka er fengsel i fem år og eit rettighetstap for alltid til å kunne jobbe med barn, seier Thorsen.

Den tidlegare sportssjefen er tiltalt for å ha misbrukt 27 unge gutar seksuelt.

– Vi meiner overgrepa sin karakter er så alvorleg i seg sjølv isolert sett. I tillegg er omfanget av stor betydning, og at barna har vore heilt ned i 10 års alderen, seier Thorsen.

Reagerer

Den tidlegare sportssjefen i Våg vart i tingretten dømd til fire års fengsel .

– Det grove tillitsbrotet som overgrepa utgjer overfor alle barna er av stor betning og skal tilleggjast stor vekt for straffeutmålinga, seier ho.

Forsvarar Arild Holden reagerer på påstanden frå påtalemyndigheitene.

– Eg opplever den påstanden som heilt verkelegheitsfjern. Eg meiner at eit riktig nivå i denne saka er på rundt 2,5 års fengsel. Min klien har tilstått det aller meste. Det faktiske har han erkjent unntatt eit tilfelle, seier Holden til NRK Sørlandet.

Arild Holden

FORSVARAR: Arild Holden (forsvarar) held på med si avsluttande prosedyre.

Foto: Anne Torhild Nilsen / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %