Hopp til innhold

Valle-prest: - Har vore ei tøff tid

Rettssaka mot Valle-prest Arne Skare vart avslutta i kommunestyresalen tysdag.

Arne Skare, Sveinung Søndervik Johnsen

TØFF TID: Valle-presten Arne Skare fortel om ei tøff tid. Her saman med forsvarar Sveinung Søndervik Johnsen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Det var ein ordknapp Skare som ikkje ville snakke med verken TV eller radio, som forlot rettsalen i Valle.

– Det har vore ei tøff og vanskeleg tid for både meg og familien. No ser vi fram til å snart kunne gå vidare, seier Skare til NRK.

I dag la aktor og forsvarar fram sine prosedyrer i saka, der presten er tiltalt for falsk forklaring og for sjølv å ha stått bak trugslar mot seg sjølv. Aktor la fram påstand om 30 dagars ubetinga fengsel, medan forsvarar ba om full frifinning.

Det var ein tydeleg prega prest som forklarte seg for retten både i går og i dag. Han vedgår at det var spesielt å komme tilbake til Valle, som han og familien flytta frå etter at han vart tiltalt.

– Det var spesielt å komme tilbake med slike omstende. Det har vore rart å vere her desse dagane, sa Skare før han forlot kommunehuset i Valle.

Dom i saka kjem onsdag 17. februar - altså om ei veke.

NRK har vore på plass i rettsalen. Her kan du lese alt frå rettsalen og synfaring tysdag:

Forsvarar ba om full frifinning
Aktor la fram påstand om 30 dagars ubetinga fengsel
Valle-presten på ulykkesstaden
Prest hevdar prest ville ta han
Lensmann: - Ulykka verka merkeleg
Forsvarar: - Katastrofe for presten
- Angrar på at eg var så eplekjekk
Valle-prest hadde våpen i kofferten

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %