Hopp til innhold

Sylvartun skal vekkjast til live

Etter fleire år med lite aktivitet, skal kultursenteret Sylvartun i Valle bli eit kultur-kraftsenter i Setesdal.

Sylvartun

NYTT LIV: Valle kommune vil skape nytt liv i Sylvartun.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Sylvartun er viktig fordi det er ein arena, som ivaretek det ynskjet vi har her i Setesdal om å vise kulturen, som vi er stolte av. Det er og ein eigna stad for å få dette fram, seier ordførar i Valle, Bjørgulv Lund til NRK.

Kun sommarope

Sylvartun var i fleire år ein samlingsstad for folkekunst i Setesdal. For fem-ti år sidan var her stor aktivitet, med café, kulturarrangement, sang og musikk, og sølvsmedar, som sat og laga tradisjonssølv.

I dag er Sylvartun berre ope om sommaren, i tillegg til enkelte arrangement, og eigaren av bygget har signalisert at han ynskjer å selje bygget.

No jobbar Valle kommune med å finne samarbeidspartnarar, som kan fylle bygget og gjere det til eit kraftsenter for både turistar og innbyggjarar.

Treng hjelp

Kommunen, Innovasjon Norge, Aust-Agder næringsselskap og fylkeskommunen vil vere med på eit spleiselag - i tillegg vert private aktørar invitert. Håpet er at bygget igjen skal fyllast, til dømes med café-drift, kulturskule, leikarring, folkemusikkarkiv, museum og sølvarbeid.

– Vi håpar og trur at sylvartun har ein kulturell klang vi håpar å kunne vidareføre framover, men vi ser og at det må inn fleire bein for å kunne stå støtt framover, seier ordføraren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 01 1,06 kr
Dyrest kl. 07 1,25 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %