Hopp til innhold

To ran på Sørlandet

Ingen er arrestert etter to væpna ran i Songdalen og i Kristiansand i natt.

7 Eleven i Brennåsen i Songdalen

7 eleven i Brennåsen i Songdalen ble i natt utsatt for væpnet ran.

Foto: Åse Røysland / NRK

Like før halv to slo to ranarar til ved 7 Eleven i Brennåsen i Songdalen. Ranarane truga til seg eit ukjent pengebeløp med kniv og pistol.

Dei to ranarane var mørkt kledde og hadde ansiktet tildekka.

Andre ranet på kort tid

Dei to kom seg unna, men politiet har gjort beslag av fleire gjenstandar som truleg stammar frå ranarane.

– Krimteknikarar vil undersøkje staden. Så langt har vi ikkje pågripe nokon etter ranet, opplyser operasjonsleiaren ved Agder politidistrikt til NRK.no.

Dette er det andre ranet på kort tid ved denne butikken. 4. juni slo ein ranar til. Ingen er så langt pågripne.

LES OGSÅ: Ranarar slo til ved 7 Eleven

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

4-5 truga bussjåfør

Like før halv tolv vart ein buss rana på Hånes i Kristiansand. 4-5 personar truga sjåføren med eit slagredskap og ein pistolliknande gjenstand.

– Heller ikkje her har vi opplysningar om ranarane. Dei kom seg unna. Sjåføren vert sjølvsagt teke hand om, seier operasjonsleiaren.

– Begge sakene vil sjølvsagt bli etterforska i dag, legg han til.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %