Hopp til innhold

Mora pågripen etter bortføring

Mora til dei to jentene som vart bortført i Åmli natt til måndag er pågripen.

Tenåringer bortført i Åmli

PÅGRIPEN: Mor til dei to jentene som vart bortført i Åmli i går, er pågripen av politiet.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Jentene på 13 og 14 år er teke hand om av barnevernet, melder VG Nett.

Kvinna melde seg sjølv for politiet i Tønsberg ved 14.30-tida tysdag.

LES OGSÅ: – Jentene er hos meg og har det bra
LES OGSÅ: Moren vil møte politiet

I avhøyr

– Tidlegare i dag vart ho pågripen i Vestfold. Ho vart teke inn til politistasjonen i Tønsberg der ho no vert avhøyrt, seier jourhavende politiurist Vanja Bruvold i Agder politidistrikt til NRK.no.

Dei to søstrene er teke hand om av barnevernet etter at mora tok dei med dit tysdag.

– Barnevernet har orientert oss om at dei har teke hand om jentene og at dei vil ta saka vidare i forhold til det barnevernsmessige. Dei må vurdere barna sin situasjon ut ifrå reglar i barnevernslova. Det er utanfor politiet sin kontroll, seier ho.

LES OGSÅ: – Jeg så bare øksa komme

– Vi har forsikra oss om at dei er i god behald. No konsentrerer vi oss om etterforskinga av dei moglege straffbare forholda, seier Bruvold.

Sju sikta

Sju personar er sikta etter at dei to jentene vart bortført frå faren sin i Åmli natt til måndag.

Ei konflikt om kven av foreldra som skal ha den daglege omsorgen for jentene, skal vere bakgrunnen for bortføringa natt til i går.

Far til dei to jentene vart overfalt, bunden, truga med øks og slått då dei sju personane storma inn i huset.

– Plutseleg høyrer eg eit rabalder ute på verandaen. Eg høyrer nokon som tok i døra og skvatt opp av stolen. Eg snur meg, og då kjem det ein med ei stor øks rett mot meg, sa faren til jentene i går.

Mor til jentene meiner det ikkje er snakk om kidnapping, sidan ho har den daglege omsorgen for døtrene. Ho har tidlegare sagt at jentene skulla ha komme tilbake til henne for fleire dagar sidan, etter å ha vore hos faren i sommarferien.

Blir sittjande i Tønsberg

– Vi har ikkje fått dei faktiske forholda rundt barnesaka. Vi ser på saka som ei ulovleg inntrenging med bruk av tvang og valdsbruk, seier politijuristen.

Sjølv om avhøyret av kvinna føregår i Tønsberg er det Agder politidistrikt som leiar etterforskinga.

– Vi har bede politiet i Tønsberg om bistand i forhold til det avhøyret. Førebels blir ho sittjande der, seier Bruvold.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %