Hopp til innhold

– Han er ferdig som prest

Tidlegare sogneprest i Valle, Arne Skare, kan ikkje halde fram som prest etter at han vart dømd til 30 dagars ubetinga fengsel, meiner biskopen.

Arne Skare

DØMD: Tidlegare sogneprest i Valle, Arne Skare, vart dømd til 30 dagars ubetinga fengsel i lagmannsretten. Biskop Olav Skjevesland meiner at Skare ikkje kan halde fram som prest, dersom dommen vert rettskraftig.

Foto: Odd Rømteland / NRK

– Blir dommen rettskraftig kan ikkje Skare halde fram som prest. Då vil vi invitere han til ei samtale for å drøfte situasjonen, seier biskop i Agder og Telemark, Olav Skjevesland til Fædrelandsvennen.

LES OGSÅ: Valle-prest dømd til fengsel
LES OGSÅ: Nekta straffeskuld

Skare vart i går dømd til 30 dagars ubetinga fengsel i lagmannsretten. Den tidlegare sognepresten i Valle vart dømd for to falske anmeldelsar.

– Enkelttilfelle

– Det vil vere eit behov for å reparere dei skadene denne saka har ført til, som eg meiner er eit enkeltståande tilfelle i kyrkjeleg samanheng, seier Skjevesland.

SJÅ: Alt om saka

Ifølgje avisa tok retten opp spørsmålet om Skare sin psykiske tilstand, fordi han leverte falske anmeldelsar mot seg sjølv ved å kutte bremseslangane på sin eigen bil.

Retten meiner han køyrde kontrollert ut av vegen. Skare hevdar han kom ut for ei ulykke.

skjevesland

KLAR TALE: Biskop Olav Skjevesland vil drøfte situasjonen med Arne Skare. (Arkivfoto)

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

– Handlemåten kan gi grunn til å anta at sikta har personlege eller psykiske problem somm ikkje er nærare undersøkt. Sjølv har han benekta å ha føreteke handlingane, og har elles stått fram som adekvat utan teikn på realitetsbrist, skriv lagmannsretten.

Skuffa Skare

– Det har difor ikkje vore noko grunnlag for å føreta ein predudisiell observasjon, noko sikta truleg ville oppfatta som krenkande, skriv dei vidare.

Skare sin forsvarar, Sveinung Søndervik Johnsen, seier klienten hans er skuffa etter å ha blitt dømd igjen.

LES OGSÅ: – Har vore ei tøff tid
LES OGSÅ: – Angrar på at eg var så eplekjekk

– Han er frykteleg skuffa, og treng nokre dagar på å fordøye avgjerdsla, før vi drøftrar ei eventuell anke, seier han til avisa.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %