Hopp til innhold

Stengjer 7 Eleven etter tre ran

7 Eleven-stasjonen på Brennåsen i Songdalen vil halde stengt på nattestid etter tre ran berre i sommar.

7 Eleven Brennåsen - nattestengt

RANA: 7 Eleven i Brennåsen i Songdalen er utsett for det tredje ranet berre i sommar.

Foto: Åse Røysland/NRK - Kai Stokkeland/NRK

– Det vi gjer no er at vi held stengt på natta. Vi stengjer stasjonen klokka ett og opnar att klokka fem på morgonen. Då held vi stengt i dei kritiske nattetimane, seier region-sjef for Shell/7 Eleven, Øyvind Haakerud til fvn.no.

Alltid to på jobb

Det er og bestemt at det alltid skal vere to på jobb. I tillegg skal det vere mindre kontantar i kassene. Det vert difor kjøpt inn eit heilt nytt pengehandteringssystem.

– Dette gjer vi for at det ikkje skal vere interessant å begå ran, seier Haakerud.

Det var natt til måndag at 7 Eleven på nytt vart utsett for eit væpna ran.

– Ein mann kom inn i butikklokala, truga ei tilsett med ein sølvfarga pistol, og fekk med seg eit ukjent pengebeløp, sa operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Hans Petter Osaland til NRK.no.

LES OGSÅ: Ingen arrestert etter væpna ran
LES OGSÅ: To ran på Sørlandet i natt

Ingen vitne

Ranet skjedde litt over klokka halv fire. Ranaren forsvann til fots.

– Det var ingen andre kundar eller bilar i nærleiken når ranet skjedde. Vi har fulgt eit spor med hund ut mot E39, og der stoppar det. Vi reknar med at han har hatt eit framkomstmiddel der, sa han.

Ifølgje politiet skal ranaren vere rundt 1,70 høg, han snakkar austlandsdialekt og var maskert med eit skaut eller ei hette.

LES OGSÅ: Ruller opp ungt ransmiljø
LES OGSÅ: 15-åring pågrepet for ran

Dette er eit av ei rekkje ran på Sørlandet i sommar. Berre på denne 7 Eleven-stasjonen har det vore to ran tidlegare i sommar. I tillegg har det vore fleire bankran.

Ransbølgje

– Det verkar som om det hardnar til litt i miljøet her hos oss. Nokre av rana er oppklara. Men vi veit ikkje om det er lokale eller andre som er på ferde på dei rana, som ikkje er oppklara, sa Osaland.

Politiet er i gang med å etterforske saka. Teknikarar er i ferd med å sikre spor på stasjonen

LES OGSÅ: Bank ranet i Kristiansand
LES OGSÅ: 15-åring innrømmer knivran

– I tillegg samlar vi taktikarar og prøver å få opplysningar ut av miljøet gjennom kontakter vi har, sa han.

Kvinnar som var på jobb kom ikkje fysisk til skade. Lensmannskontoret i Søgne leiar etterforskinga av saka.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %