Hopp til innhold

ØIF Arendal kasta ut av NM-cupen - skuldar på språkkrøll

Kluss med overgangen til danske Anders Neuhaus Christensen frå Kristiansand IF, gjer at arendalsklubben sitt cupeventyr allereie er over.

Leif Gautestad, ØIF Arendal

ØIF-trenar Leif Gautestad kan berre slå fast at ØIF Arendal er diska frå cupen etter rot med overgangspapir.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Leif Gautestad

SKUFFA: Trenar Leif Gautestad lovar at klubben skal slå tilbake i serie og europacup.

Foto: Øivind Eskedal/NRK

– Litt språkproblem er nok årsaka til dette. Det er vel ingen av oss som trur at Anders ville ha vore i stand til å ta sjansen det ville vere for klubben å spele ein slik kamp. Dette er veldig beklageleg, seier trenar Leif Gautestad til NRK.no.

Christensen: – Trudde alt var i orden

Dansken fekk debuten sin då ØIF Arendal slo 1. divisjonsklubben Fram 36-19 i cupens første runde tysdag. Tidlegare fekk den tidlegare KIF-spelaren beskjed om at han ikkje hadde lov til å spele.

– Eg fekk beskjed om at overgangen ikkje var i orden, men at det skulle løyse seg, seier Anders Neuhaus Christensen.

– Eg tenkte ikkje meir over det. Dagen etter vart eg teken ut i troppen til cupkampen. Det første eg tenkte då var, yes no er alt i orden, men det var det ikkje, seier han.

I dag avgjorde Handballforbundet at flausa er nok til å diske arendalsklubben. Det betyr at Fram avanserer til 2. runde i NM.

– Det har vore ein kommunikasjonssvikt, som har gjort at vi har brukt Anders. Vi er ikkje ute etter å ta nokon syndebukk. Vi er ute etter å komme oss vidare, seier Leif Gautestad.

Ser at vi har gjort feil

Trenaren fortel at Fram ba forbundet om å sjå mellom fingrane på saka, då Anders Neuhaus Christensen spelte så lite at det ikkje kunne påverke resultatet. Det valde forbundet å sjå vekk ifrå.

– Vi kan appelere for å få gjort dommen om, men vi ser at vi har gjort ein feil, erkjenner det og held oss til reglementet, seier Gautestad.

Eliteserieklubben vart nummer fire både i serie og sluttspel i fjor. I cupen vart det kvartfinale. I år hadde klubben ambisjonar om cupfinale. Det kan klubben sjå langt etter på grunn av overgangstabben.

– Vi skal slå hardt tilbake i serien, og vi skal slå hardt tilbake i europacupen, seier ØIF-trenaren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %