Hopp til innhold

Frir til daglegvarebutikkar i USA

Luksusvatnet Voss of Norway går nye vegar etter milliontap.

Voss of Norway

SER TIL USA: Voss of Norway skal inn i daglegvareforretningar i USA.

Foto: Gunnar Olsen / NRK

– Du kan godt seie at det er ei strategiendring, seier styreleiar Rune Fløgstad hos Voss of Norway til Dagens Næringsliv.

LES OGSÅ: Voss må låne penger

Ivelandbedrifta har tapt rundt 360 millionar kroner sidan oppstarten. I fjor sprøyta investorar inn 50 millionar kroner i frisk kapital.

Omsetninga rasa

Amerikanaren Jack Belsito er administrerande direktør i selskapet. Han har blant anna jobba for Schweppes og har vore med på å byggje opp fruktdrikkmerket Snapple.

– Det er forsåvidt ikkje noko nytt at vi ser på daglegvare i USA, men med Belsito fekk vi eit heilt nytt kontaktnett og satsar no på å byggje eit nytt distribusjonsnett i New York og andre delar av nordaust-USA, seier Fløgstad.

LES OGSÅ: Voss tjener ikke penger
LES OGSÅ: Madonna forlanger Voss-vann

Ifølgje avisa rasa omsetninga frå 230 millionar kroner i 2008 til 147 millionar i fjor.

– Ein del av negangen skuldast at fleire av våre kundar hadde så fulle lager etter finanskrisa at dei måtte selje ut dette og difor ikkje tok opp nye bestillingar, seier han.

Dyrare enn andre

Ideen var å selje norsk kjeldevatn på curisebåtar. I fjor kom vatnet i hyllene til blant andre 7 Eleven, Deli de Luca og Meny. Ifølgje Dagens Næringsliv planlegg vassprodusenten å halde seg unna lågprisbutikkar også i USA.

– Vi held oss til fullsortiment og vil prismessig liggje litt over mange andre merker, seier styreleiaren.

– Betyr daglegvarefokuse at luksusstrategien var feil?

– Nei, over tid kunne vi bygd tilstrekkeleg volum innanfor hotell restaurant. Men no vel vi å fokusere på å tene pengar og då må vi satse på retailmarknaden parallelt, seier han.

– Endrar strategi

– Det er ikkje nok folk som vil betale dyrt for vatn på restaurant?

LES OGSÅ: Flaskevann - en miljøversting?

– Vi ser det er naudsynt å satse også på luksusmarknaden innanfor retail og utvidar difor marknadspotensialet vårt. Du kan godt seie at vi endrar strategi, men gjort på den rette måten vil dette berre vere med på å underbyggje og forsterke merkevara vår, seier Fløgstad.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %