– Eg er litt for lang, så eg må gå litt krokete for ikkje å ta opp i taket, seier Smenes til NRK.no.
LES OGSÅ: Studenter finner ikke bolig
– Det er litt som å bu i telt i denne vogna, ler 29-åringen.
4 kvadratmeter
Sidan midten av august har han budd i campingvogna frå 70-talet. Årsaka er at han endå ikkje har funne seg ein stad å bu.
– Eg har vore på ein god del visningar og kikka. Men leiligheitene går veldig raskt. Ofte er det tekne når eg ringjer, seier han.
LES OGSÅ: Mange studenter i boligkø
Vil bu for seg sjølv
Tidlegare i år stod nesten 1500 studentar i kø for å få seg bustad i Kristiansand. Studentsamskipnaden har for få leiligheiter, og studentane må ut på den private marknaden. Det kostar.
– Mange av leiligheitene eg har sett på har vore av bra standard, så det står ikkje på det. Eg har budd i bufellesskap tidlegare, men har lyst å bu for meg sjølv no, fortel han.
LES OGSÅ: Studenter i containere
I den vesle campingvogna på fire kvadratmeter har han både kjøkken og soverom. Studenten innser at han snart må ta det han får.
Er ikkje gjerrig
– Eg trur ikkje eg er særleg gjerrig, men eg håpar det ordnar seg. Eg må kanskje berre ta noko, same kva det er når det nærmar seg vinter. Dette er jo ei sommarvogn, seier han og viser til at gradestokken faretrugande nærmar seg minus.
Studenten fortel at han er villig til å betale opp mot 7000 kroner i månaden for ein stad å bu. For kvart døgn betalar han 250 kroner for å bu på campingplassen. På under ein månad har han betalt 4000 kroner i campingplassleige.
– Det er ganske dyrt for såpass enkelt standard, seier 29-åringen som må bruke felles toalett og dusj på campingområdet.
På campingplassen er det kun fire campingvogner, to bubilar og eitt telt. At det stadig vert færre gjester på campingen kan skape trøbbel for Smednes.
LES OGSÅ: Mange vil ha studieplass ved UiA
– Dei seier at dersom det vert færre enn fem vogner vil dei stengje campingplassen. Så eg lever frå dag til dag, ler han.
– Plutseleg må eg kanskje ta med meg vogna. Då veit eg ikkje kva eg gjer, seier han.
Tak over hovudet
Men studenten frå Averøy utanfor Kristiansund trivast godt på campingplassen.
– Det er triveleg å ha dei andre campinggjestene rundt seg. Det er ein tyskar som har vore her sidan byrjinga av august. Han bur i telt og ein dag såg eg gjørmevatn som rann mot plassen hans. Eg vart litt uroa, fortel Smenes.
– Eg sit i alle fall inne i vogna, så eg har det bra sånn sett, smiler han.
29-åringen skal på ny visning i dag.