Det er Strømdsgodset som toppar Norsk Toppfotball sin statistikk med 354 poeng. Start som ligg på 2. plass med 258 poeng og Vålerenga på 3. plass med 253 poeng. Best i landet på å bruke unge spelarar er 1. divisjonsklubben Tromsdalen.
Billeg løysing
Klubbane får poeng i forhold til kor mange unge spelarar dei brukar, samt kort mange speleminutt dei får.
For å få poeng må spelaren vere yngre enn 23 år.
– Vi ynskjer å utvikle eigne spelarar fordi det er viktig for populariteten til klubben - spesielt når vi lukkast med å få fram lokale unggutar, seier sportsleg administrativ leiar i Start, Rune Jacobsen til ikstart.no.
– I tillegg er det billegare, i alle fall når vi lukkast. Vi meiner det let seg kombinere å bruke unge spelarar saman med innslag av eldre og utanlandske spelarar, seier Jacobsen.
Deila: – Satsar bevisst på unge
Strømsgodset selde Marcus Pedersen like før overgangsvindauget stengde. Han var berre ein av mange unge lovande spelarar i klubben. Heile 18 av 23 spelarar er under 23 år, og snittalderen er 23-24 år.
– Vi satsar bevisst på å bruke unge, norske spelarar føre å hente inn eldre spelarar frå utlandet. Vi får att for det i form av meir entusiasme rundt laget, seier trenar Ronny Deila til godset.no.
Nederst på oversikta til Norsk Toppfotball ligg Hønefoss, Brann og Kongsvinger. Rosenborg ligg på 6. plass.
Tromsdalen på topp
I 1. divisjon er det Tromsdalen som tronar øvst. Med 392 poeng er dei best i dei to øvste divisjonane. Serieleiar Sogndal ligg på 5. plass med 279 poeng. Årets store overrasking, Ranheim, ligg sist på oversikta i 1. divisjon.