Hopp til innhold

Årst vil forlenge med Start

Ole Martin Årst vil gå på ein ny sesong, og håpar på ei klarering rundt eiga framtid i løpet av kort tid.

Ole Martin Årst

VIL HALDE FRAM: Ole Martin Årst vil halde fram som Start-spelar. Han håpar situasjonen er avklara om kort tid. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Eg ynskjer å spele fotball neste år. For min eigen del ynskjer eg å få dette avklara så tidleg som mogleg, seier Årst til Fædrelandsvennen.

36-åringen bestemte seg for å leggje opp i oktober i fjor på grunn av lyskeproblem. Men skaden slapp taket og spissen fekk ny kontrakt med sørlendingane i februar i år.

LES OGSÅ: Årst legger opp

– Framleis mykje å gje

– Det er fantastisk å vere tilbake. Eg føler definitivt at eg framleis har mykje å gå på og mykje å gje, seier han.

Årst har scora 11 mål i serie og cup så langt denne sesongen, og er ei viktig brikke i Start-laget.

LES OGSÅ: Skadefri veteran klar for ny sesong

– Eg reknar med at vi får ei avgjerd i løpet av nokre få veker. Vi må ta det opp i familierådet, og funne ut av kvar vi skal bu frå januar. No har eg fått nokre tilbod også, både sportsleg og «normale» yrker, fortel Årst.

Positiv Tørum

Start-trenar Knut Tørum er positiv til å forlenge kontrakta med den tidlegare Tromsø-spelaren.

– Det han har levert på bana har vore bra. Dersom han held seg frisk og rask ut sesongen, og er motivert til å halde fram så er vi motiverte for å få det til, seier Årst.

– Kva tykkjer du om det han har levert på bana?

LES OGSÅ: Årst tilbake i storform

– Han har scora bra med mål. Dei gode avslutningsferdigheitene, som han mangla litt i starten av sesongen, har han definitivt funne tilbake til, seier Tørum.

Har snakka

– God rørsle har han alltid hatt. Han er altoppofrande, og er smart på løpa utan ball. Han har vore solid, og er viktig for oss både på og utanfor bana, seier trenaren.

Sportsleg administrativ leiar, Rune Jacobsen, stadfestar at klubben har diskutert framtida med Årst.

LES OGSÅ: Årst sliter med skade

– I utgangspunktet kommenterer vi ikkje kontrakter i media, men det er ingen tvil om at han har levert ein kanonsesong for oss. Vi har snakka litt saman, seier Jacobsen til avisa.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %