Det vart avgjort i Kristiansand tingrett i dag. Det betyr at klubben får fullføre sesongen i Toppserien. Donn spelar siste seriekamp borte mot Trondheims-Ørn 6. november.
Klubben skuldar eit stort beløp i forskotstrekk og arbeidsgjevaravgit. I tillegg til fleire hundre tusen kroner i ubetalte rekningar.
- LES OGSÅ: Donn begjært konkurs
- LES OGSÅ: Donn kan bli degradert
Klubben har no frist til 10. november til å skaffe pengane dei skuldar kemnaren i Kristiansand.
Donn-kaptein Gro Ingvardsen har tidlegare varsla at Donn-jentene vil spele ut alle kort for at klubben skal bestå i Toppserien.
- LES OGSÅ: Klubben skal reddes av klistermerker
- LES OGSÅ: – Klubber vil gå konkurs
– Vi skal jobbe til blodsmaken står i munnen på oss både på og utanfor bana. Det er uaktuelt at økonomien skal øydeleggje for oss, har ho tidlegare sagt til NRK.no.