Hopp til innhold

Butikkane vert tømde for balltre

Folk på Sørlandet tek saka i eigne hender i frykt for innbrot. Sportsbutikkane vert tømt for balltre som skal brukast til beskyttelse.

Video Folk bevæpner seg mot tyver

– Eg har kun tre balltre att og dei har eg fått bestilling på. Det er heilt normale menneske som kjøper dei. Det er ikkje kriminelle. Det må vere for å forsvare seg sjølve. Eg kan ikkje forstå anna, seier Rune Dyvig ved Intersport i Arendal til NRK.no.

Politiet forstår frykta

Jan Sverre Krogstad

Jan Sverre Krogstad.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Torsdag kveld jakta politiet på mistenkte innbrotstjuvar og bilar i arendalsområdet. Politiet har fått melding om over 60 innbrot på Sørlandet den siste veka. Politiet meiner ein bande frå Aust-Europa står bak innbrota.

– Folk kjøper balltrea for å ha dei under senga dersom det dukkar opp innbrotstjuvar. Eg har selt meir enn eg gjer til vanleg, seier han.

Frykta for innbrotsbanden som herjar på Sørlandet fører til at folk gjer det dei kan for å forsvare seg. NRK kjenner også til at fleire nabolag organiserer vaktlag for å unngå innbrot. Politiet likar dårleg at folk skaffar seg våpen for å forsvare seg.

– Eg forstår at folk er engstelege og skremde over tjuveribølgja som rullar over Sørlandet. Men det er ingen grunn til å seie at det er farlege personar på ferde. Vi har ingen døme på at nokon har vore valdelege på nokon måte, seier politistasjonssjef i Arendal, Jan Sverre Krogstad til NRK.no.

– Ring politiet

Men på søndag slåst ein av tjuvane med politiet før han vart arrestert og mistenkt for fleire innbrot i Arendal natt til søndag.

– Ja vi har eitt tilfelle av det. Det var rett og slett for å komme seg unna. Så fort dei ser at folk er heime eller vert overraska, så stikke dei så fort dei kan. Det er ingen grunn til å seie at dette er farlege innbrotstjuvar. Det er ingen grunn til å vere redd for å bli overfalt, seier Krogstad.

– Eg tykkjer ikkje det er grunn til at folk skal væpne seg på denne måten. Det beste er å ringje politiet, seier stasjonssjefen.

Krogstad skryt over befolkninga som tek kontakt med politiet. Han fortel at politiet vert nedringt av folk som har tips, og som er uroa etter besøk av mistenkelege dørseljarar

– Vi får inn veldig mange tips og dei vert sjekka ut. I går var det tre forsøk på innbrot. Det enda med forsøk, for dei vart overraska då vi var like i nærleiken, men vi fekk dessverre ikkje tak i dei, men vi er veldig nær, seier Krogstad.

Held vakt i nabolaga

Han er glad for at folk hjelper kvarandre med å halde vakt i nabolaga. Men påpeikar igjen at han tykkjer lite om at folk skaffar seg våpen for å forsvare seg mot innbrotstjuvane.

– Det skal vi halde oss ifrå. Det er ikkje snakk om farlege personar og det er politiet si oppgåve å gripe inn dersom det er snakk om våpen og slike ting. Eg vil ikkje rå folk til å nytte seg av det i det heile. Då kan det bli veldig ille, seier Krogstad.

Han har følgjande tips til folk som er engstelege for innbrotstjuvane.

– Ring inn tips til politiet. Få naboen til å passe på dersom ein er bortreist. Avbestill posten og ha gjerne litt lys på. Så skal vi nok få teke dei til slutt, seier han.

– Rett i hælane på dei

Ein mann er allereie arrestert.

– Vi er rett i hælane på dei. Hadde vi hatt litt flaks hadde vi kanskje arrestert fleire. Vi kan ikkje vere på ein kvar stad til ei kvar tid. Men før eller seinare har vi nok flaksen på vår side, seier Krogstad.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %