Hopp til innhold

– Beredskapssjefen skapar frykt

Forsvarsminister Grete Faremo meiner beredskapssjefen i Aust-Agder skapar frykt, når han seier at nedbyggjing av forsvaret har ført til svekka beredskap på Sørlandet.

Forsvarsminister Grete Faremo

KRITISK: Forsvarsministeren går hardt ut på beredskapssjefen i Aust-Agder.

– Det vert skapt eit ufullstendig bilete av ansvarsforholda. Slik det er beskrive gir det sjølvsagt grunnlag for frykt, seier forsvarsminister Grete Faremo.

Det var på eit møte om den militære beredskapen på Sørlandet i Arendal i går kveld at Faremo kom med kraftsalva.

– Bekyrmringsfullt

– Det vert ekstra bekyrmingsfullt når det er beredskapssjefen sjølv som ikkje riktig gjer greie for ansvarsforholda, Faremo.

– Eg må berre seie at som fungerande justisminister, reagerte eg så sterkt på det at eg straks tok kontakt med fylkesmannen, seier ho.

Beredskapssjefen i Aust-Agder, Dag Auby Hagen, var ikkje tilstades på møtet tysdag kveld. Men han står fast på at nedbyggjinga av forsvaret i landsdelen fører til svekka beredskap.

Trur ikkje han skapar frykt

– Eg trur ikkje det skapar frykt, seier Hagen til NRK.no.

– Eg tykkjer det er veldig viktig å vere tilstades, spesielt i forhold til dei scenaria som har vore omtala i avisene i det siste, seier han.

– Til dømes ekstremvêrscenariet, der det er veldig viktig at ein er på staden og kanskje set inn ressursane samla relativt raskt, legg han til.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %